Gå til innhold

Trinn for trinn montering av Angel Eyes på E46 (med bilder)


ovex
 Share

Anbefalte innlegg

Trinn for trinn montering av Angel Eyes på E46 med Xenon

(kan og brukast på vanlege lykter)

Monteringstid ca 4 timar med litt forskning og grubling.

.....som kanskje du slepp dersom du les dette ;) .

*Pass på at det er ikkje er fuktig rundt lykta før du startar monteringa.

1_F_r_montering_002.jpg

*Demonter blinklys.

2_Demontert_blinklys_001.jpg

*Fjern pakning som ligg oppå lykta, denne er festa med 4 klips som du vippar ut.

Deretter må du fjerne lista under under lykta. Løys først klipset som er mot grillen, deretter klipset som er mot skjermen. Dersom lista ikkje er lett å trekke ut no, så kan det vere at du må trekke ut lyktespylaren...det set to små klips bak denne og (dersom du ikkje får ut lyktespylaren kan du berre få nokon til å spyle medan du tek tak i spylehuset når det er ute ...det er fjørbelasta ;) PS etter spyling må du tørke lykta godt før du går vidare ).

3_pakkning_over_og_list_under_lykt_001.jpg

*No er det berre å demontere lykteglaset, det heng med tre klips oppe og tre nede samt eit på kvar side. Trekk det forsiktig ut. Ikkje berør lykteglaset på innside eller reflektorar under prosessen...

*Trekk forsiktig ut inner-ramma i lykta

4_Glass_og_inner_ramme_001.jpg

*Klar for montering av Angel Eyes ringane.

5_Klar_for_montering_av_ringar_001.jpg

*Ringane berre klippsast/klemmest på i overkant.

6_Ringane_kan_klipsast_p_i_overkant_001.jpg

*Leidningen førest berre bak i lykta (bruk ein streng som du stikk inn frå baksida, teip på ledningane og trekk tilbake) og kan førast ut gjennom gummimansjetten bak Xenon-lykta.

PS det er to leidningar til kvar ring, det kan vere lurt å merke desse slik at du kjenner dei igjen når du skal montere på medfølgjande kontakt etter at du har trekt leidningane.

Bruk ein tusj og marker frå venstre med I, II, III, IIII.

8_Begge_lyktene_1_001.jpg

*Kontakt vert montert på leidningane frå kvar ring (I+II og III+IIII på kvar sin kontakt)

9_Ledning_trekt_ut_001.jpg

*Monter medfylgjande relé som skal ha 12v + og – som du hentar frå punkta som er berekna for startkablane.

11_Rel.jpg

* Det er tilpassa kabling med strømpe som vert trekt fram til kvar lykt. Her monterar du på ein ”booster” på kvar side og koplar til ringane på denne. På høgre side så låner du styrestraum til reléet frå den lilla leidningen på parklysholdaren.

10_ledning_og_booster_001.jpg

*Legg opp resten av leidningsnettet, og det vert lys!

12_lys.jpg

Dårleg bilde men viser litt....

13_Done.jpg

Dersom du ikkje vil ha lys i parklyspærene (noko du truleg ikkje vil):

Høgre side er berre å trekke ut pæra.

På venstre side må du sette på ein motstand i pæreholdaren eller bruke spolen til eit ”dummyrelé” for å unngå at du får melding om at du har defekt lys inne på instrumentpanelet (dersom du berre tek ut parklys pæra så vil du og få lys i blinklyset)

PS dette føl ikkje med og var det som verkeleg tok tid under monteringa..... Ikkje var det forklart at dette ville skje heller....?!! Tek gjerne i mot innspel på andre alternativ til løysing på dette......

Ellers så synest ringane av svært god kvalitet og passform...kan anbefalast på det varmaste! Leidningnettet er og svært bra. (med unntak det tullet du får på høgre side om du koplar vekk parklyspærene)

30.12.2005

ovex.

:D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Svar 73
  • Created
  • Siste svar

Top Posters In This Topic

Veldig bra DIY!

menne... OBS! Er vel strengt tatt ikke lov til å kjøre rundt uten parklys? Eller at dem er "deaktivert" slikt?

Kommer man ut for en kontroll, kan man nok fint få en bot/mangellapp eller påminnelse om utbedring straks av onkel politi. :? Står vel i vegtrafikkloven dette her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

PARKERINGSLYS

3. Bil skal ha to lykter foran som gir hvitt parkeringslys.

3.1 Lyktene skal tilfredsstille minst ett av følgende krav:

a) Være E-merket med symbolet A i henhold til ECE-reg.nr. 7, serie 01, tillegg 4, rettelse 2.

B) Være e-merket med symbolet A i henhold til direktiv 76/758/EØF, som endret ved direktiv 87/354/EØF og direktiv 89/516/EØF.

c) Være godkjent og merket i henhold til annen standard med tilsvarende krav som i alt. a eller b.

3.2 Lyset fra hver av lyktene skal være synlig innenfor en vertikalvinkel fra minst 15 ° over til minst 15 ° under horisontalplanet gjennom lyktens sentrum, og innenfor en horisontalvinkel fra minst 45 ° innover til minst 80 ° utover målt fra vertikalplanet gjennom lyktens sentrum som er parallelt med bilens lengdeakse.

3.3 Lyktene skal være plassert slik at høyden fra vegbanen til nederste kant av den lysende flaten er 40 cm eller mer, men høyden fra vegbanen til øverste kant av den lysende flaten skal være mindre enn 150 cm. Målene skal tas når bilen er ubelastet.

3.4 Lyktene skal være plassert slik på hver side at den lysende flates ytterkant er mindre enn 40 cm fra bilens ytterste kant.

3.5 Lyktene skal være koplet slik at de alltid lyser når fjernlys, nærlys, baklys, lys for kjennemerke, hjelpefjernlys, kurve-/tåkelys, markeringslys, arbeidslys eller tåkebaklys er tent.

http://www.lovdata.no/cgi-wift/wiftldle ... eringslys&

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
 Share

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive

×
×
  • Opprett ny...