Gå til innhold

Elektriske problemer E91


Jon Greger Notland
 Share

Anbefalte innlegg

Hei! Har i det siste opplevd litt problem med bilen. Det er ein 320d 2008 touring.

Problemet lyder som følgje: For ca ein månad sidan opplevde eg problem med bakluka. Den ville ikkje opne seg. Ikkje vinduet heller. Det løyste seg ved at eg lada batteriet, og då fungerte det bra. Den siste månaden har bilen stått mykje i ro, og problemet kom tilbake. Når eg reiste vekk eit par dagar på jobb så kom eg heim att til ein dau bil. Det var ingenting som skjedde når eg satte nøkken i tenninga. Men denne gongen kom og ein feilkode; "increased battery discharge" før eg reiste.

Så då kilte bakluka og bakruta seg igjen. Eg måtte krypa inn baksetet og dra i nødopningen bak panelet på luka. Eg googla litt og fant ut at kabelbrudd var ganske vanlig. Etter å ha klurt litt med gummigjennomføringen så fant eg ut at bakvinduet må opnast for å få skikkelig tilgang til dei. Den har ingen manuell nødopning, så eg måtte rive bort alt av plastdeksel for å komma til låsen, og lirka litt med eit skrujern for å opna den. Eg fekk omsider opna ein gjennomføring, og fant berre ein kabel med isolasjonsbrudd. Dei to andre har eg ikkje klart å opna endo. Den som går ned i sjølve bakluka var altså ganske grei å få opp. Er det nokon som har eit tips til å få opp dei resterande gjennomføringane?

Så lurer eg og på om det kan ver problem med låsen. Eg lurer på om nokon her inne kjenner til korleis dei fungerer. Dersom låsen til bakluka for eksempel heng seg opp, vil den då konstant ligge og trekkje straum? Noko som kan gi meg feilmelding?

Batteriet hadde i alle fall tappa seg svert mykje. Eg målte det til rundt  6,5 volt.... Har lada det, og det ser ut til å ta imot lading. Spenninga låg no på om lag 12,8v. Det er eit AGM 95Ah batteri. I utgangspunktet så håpar eg å unngå og måtta kjøpa eit nytt, men det vil visa seg.

Nokon som har kjennskap til problemet, eller tips til ting som kan trekka straum? Eg får vel berre belaga meg på å gå inn for eit nytt forsøk på å få sett over dei to siste gjennomføringane, før den eventuelt ryker inn på verkstad..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser ut til at problemet kan ver noko lunde lokalisert. Eg har i alle fall eit tilfelle her. Det ser ut til at bakluka ikkje har vore heilt tett. Eg har i alle fall ein kraftig eira kontakt i låsen på bakluka, samt skitt/rustvatn rundt omkring, og det viser tydelig at den flekken eg har på bakluka er rust som stammar innanfrå.

Det eg no lurer på er først og frems; Bilen er importert frå Tyskland. Korleis står det då til med rustgaranti? Det er for meg heilt klart at rusten her stammar frå innsida av bakluka. Er dette noko eg har kjangs til å gå med til ein forhandler?

Så lurer eg og på om det lar seg gjer å få tak i berre den pluggen som går til baklukelåsen, så det kan loddast på ein ny plugg. Så må eg og eventuelt få tak i ein ny lås då kontakten såg noko redusert ut den også. Ein ser og på eit bilete at her har ein flekk med lakk forsvunnet der kabelen har gnagd mot innsida av bakluka, og dette har og ført til rust, og endo meir skade på kabelen som følgje av dette.

Eg vil påpeike at eg fekk ikkje feilmeldinga no, men eg går ut ifrå at dette er fordi eg rett og slett har ein tørr bil akkurat no. Den har stått i garasje i ein lengre periode som følgje av problemet.

20170510_173548.jpg

20170510_173555.jpg

20170510_173610.jpg

20170510_173615.jpg

20170510_173625.jpg

20170510_173633.jpg

20170510_173641.jpg

20170510_173653.jpg

20170510_173658.jpg

20170510_173704.jpg

20170510_173711.jpg

20170510_173715.jpg

20170510_173738.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
 Share

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...