Gå til innhold

Gåen abs-modul? E39

mcbanan
 Share

Anbefalte innlegg

Hei!

Den første skikkelig varme dagen her i Bergen, for eit par veker sidan, var eg så heldig å få besøk av abslampa i dashbordet. Kom etter ein 30 minutters køyretur, når eg stoppa bilen og starta den igjen. Kom heim, sjekka koden som sa "speed sensor rear left". Sletta den, og når eg sjekka på nytt dagen etterpå var alt OK.

For å være sikker tok eg ut sensoren, rensa den og holet litt, og monterte den tilbake. Men neste gang eg brukte bilen, kom lyset og koden tilbake når bilen var god og varm, og eg stoppa og starta den igjen.

Kjøpte ny Bosch-sensor og monterte den idag. Renska godt inne holet med bremserens før eg monterte. Tok bremserens på ein q-tip som eg holdt inn mot hjullageret mens eg snurra rundt for å reingjere godt.

Så tok eg ein kebab-run for å sjekke om det gjorde susen, men lyset og koden kom like forbanna etter eg stoppa og starta bilen når den var blitt varm.

Tenker då at det tyder på abs-modulen? Fikk tips om hjullageret og, men kan ikkje sei at eg høyrer noko frå det, og hjulet går like greit rundt som på andre sida.

Når eg får feilkode på sensoren venstre bak, så fungerer ikkje speedometeret, sidan det brukar den sensoren for å lese farten. Men når eg les av live-data viser alle sensorane 2km/t når bilen står stille. Ville tru at ein sensor som var gåen eller hadde ledningsbrudd ville vist ein anna verdi? Og når eg går under livedata for motoren mens eg køyrer, får eg sett farten eg har. Bruker ikkje den samme sensor, eller er det ein på f.eks girkassa og?

Synsing mottas med takk :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei 

Jeg må mest sannsynlig bytte hele abs modulen/pumpa på min e46. Får opp denne feilkoden, ifølge div. forumer er denne feilkoden knyttet opp mot feil på pumpa og hele driten må byttes!IMAG0775.jpg.d28d8b67b34644fa946e48a8d8dec3d0.thumb.jpg.06d34f37eca348898964e2e15ecdf376.jpg

Om du ikke får opp denne feilkoden er nok pumpa ok. Prøvd å resette styrevinkelsensoren?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, den feilkoden har ikkje eg. Men er mange feilkilder i modulen, og feilkodane er ikkje alltid så nøyaktige. Iflg. diverse forum ihvertfall :) Regner med at du veit at modulemaster og andre firma fikser desse modulane for ein relativt rimelig sum?

Styrevinkelsensor er eg usikker på om eg har? Eg har sånn variabel styring, kjem ikkje på navnet i farten. Men når eg går inn på den i diagnosen kjem eg ikkje inn. Det har eg aldri gjort, heller ikkje før feilen kom.

Edit: skal seiast at eg har ein håndholdt diagnose-sak, ikkje Inpa osv. Men kjem inn på dei andre aktuelle modulane.

Endret av mcbanan
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bosch 5.3 og 5.7 er reparerbare, mens. f.eks. Bosch 5.0 ikke er det. Bosch 5.3 og 5.7 har såvidt jeg har skjønt det styreenheten montert på ABS-pumpa i motorrommet (utsatt for varme fra motoren som over tid), mens 5.0 har styreenheten som en separat boks under dashbordet på passasjersiden (bedre løsning). 

http://www.ecutesting.com/bmw_5_series__e39__abs_pump_mo.html

http://www.styreenheter.no/bmw-5-serie-e39-abs-dsc-styreenheter/

Lenke til kommentar
Del på andre sider

23 minutter siden, mcbanan skrev:

Hei, den feilkoden har ikkje eg. Men er mange feilkilder i modulen, og feilkodane er ikkje alltid så nøyaktige. Iflg. diverse forum ihvertfall :) Regner med at du veit at modulemaster og andre firma fikser desse modulane for ein relativt rimelig sum?

Styrevinkelsensor er eg usikker på om eg har? Eg har sånn variabel styring, kjem ikkje på navnet i farten. Men når eg går inn på den i diagnosen kjem eg ikkje inn. Det har eg aldri gjort, heller ikkje før feilen kom.

Edit: skal seiast at eg har ein håndholdt diagnose-sak, ikkje Inpa osv. Men kjem inn på dei andre aktuelle modulane.

Det er enkelte delenummere som firmaer faktisk ikke vil fikse, de selger heller renoverte pumper. Men igjen så skal man benytte samme delenummer som orginalt, så det å sette inn en renovert pumpe vil jo ikke funka da de i utgangspunktet ikke vil fikse pumpa med samme nummer. haha. 
Fikk pris på ny pumpe med garanti til 6990,-  synes det var voldsomt stivt for en ''ny'' pumpe. Garanti er ikke så viktig da bilen er solgt innen den utløper. 

Så litt på modulemaster nå. Grei pris da, men spørsmålet mitt er hvor lenge man blir uten bil siden pumpa må til statene. Ikke gira på å la bilen stå i 3 uker. 

Alle moderne biler har styrevinkelsensor, den jobber sammen med alle abs sensorene så pumpa vet hva som skjer. Du kan bruke BMW scanner og Inpa for å kalibrere sensoren evt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er det pumpa som er gåen i ditt tilfelle? I ni av ti tilfeller er det elektronikken som er gåen, ikkje sjølve pumpa/ hydraulikkenheten. Etter det eg har forstått. Du kan fint køyre utan modulen mens den er på reparasjon, så lenge du dekker til litt med alufolie så det ikkje kjem drit inn på kontaktane. ABS, ASC/DSC og speedometer vil ikkje fungere, men så lenge ein er bevisst på det går jo det fint.

Eg antar at det er ABS-modulen som er gåen i mitt tilfelle, så har no skrudd den ut og klargjort den for sending til modulemaster. Har pakka inn hydraulikkenheten og kontakten med alufolie, slik at eg kan bruke bilen i mellomtida. Etter det eg har forstått er ikkje dette eit BMW-spesifikt problem, men eit problem med mange Bosch modular frå denne tida.

Dog BMW gjorde ikkje oss eigarar nokon tjeneste ved å plassera modulen omtrent 7cm frå eksosmanifolden..

Så skal oppdatere her med tidsbruk og pris, slik at folk kan sjå det ved søk på google osv. Prisane på nye modular og rep.kit er jo fullstendig forbi all fornuft, så reparasjon er nok det beste alternativet.

2017-05-20_17_33_00.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, mcbanan skrev:

Er nok elektronikken som er gåen ja. Etter det jeg har forstått så er det børstene på motoren som driver ett stempel i pumpa som sitter fast i støvdekselet. Har sett noen åpne opp motoren og fått løs motoren så børstene har gått fritt igjen. Hvor lenge det holder er uvisst. Eneste som er kjipt er at du må kutte bort festepunktene på pumpa som er i aluminium. Disse er støpt fast rundt støvdekselet. Så når motoren skal tilbake på pumpa må du lime eller skru fast motoren.  Kanskje ikke helt ideelt på en så viktig komponent. 

Du får poste her når du har fått elektronikken tilbake og fortelle hvordan du opplevde alt. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 weeks later...

Då har eg fått modulen tilbake frå reperasjon hjå ModuleMaster. Kosta meg ganske nøyaktig 3500,- med frakt, reperasjon, forsikring på frakt og nye skruer.

Tok 3 veker totalt. Returposten, sendt som "international priority", tok 2 dager frå in the middle of nowhere, Idaho til Gardermoen. Deretter er det jo som om ein treff ein vegg. Ytteligare 5 arbeidsdagar før Posten klarar å levere pakka i post i butikk sentralt i Bergen. Dei sluttar aldri å overraska meg negativt.

Monterte modulen og sletta alle feilkodar som var lagra etter å ha køyrt utan. Har idag køyrt frå Bergen til sogn, ingen lys eller kodar :) Så det ser ut til å ha løyst problemet mitt. Fekk med eit skriv frå ModuleMaster der det sto dei hadde reparert noko og forsterka noko anna, og deretter testa at modulen fungerte som den skulle.

Så veldig godt nøgd med jobben ModuleMaster gjorde, og at dei har 5 års garanti på reperasjonen :)

2017-06-15_19_02_22.jpg

Endret av mcbanan
Skriveleif
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
 Share

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...