justemann

Tre barnestoler i F15

Anbefalte innlegg

On 1.2.2018 at 14.15, justemann skrev:

Godt å høyre! Eg ser forresten at eg sikkert ikkje er heilt inne i barneseteterminologien. Eg skreiv beltestol i førre innlegg, men meinte bakovervende stolar for barn mellom 1 og 4 år (eller noko i den gata). Beltestolar er kanskje noko anna igjen? Hadde det gått med tre bakovervendte i X4? 

Beltestol er (ihvertfall i mitt hode) stoler der barnet er sikret med bilens belte, og stolene altså ikke har egne seler.

Jeg er litt der at det meste går med korrekte stoler. I ditt tilfelle er det vel mest aktuelt med en tvilling på hver side og største mann i midten. Om en ikke kjøper det største beistet som finnes av babystoler (vi har Brio/Britax Primo, den er ganske liten) vil jeg tro det går helt fint.

Om jeg får mulighet kan jeg forsåvidt teste i vår egen bil, da vi har både dobbelt og trippelt opp med det meste av barneseter. :shock:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
On 7.2.2018 at 21.53, awt skrev:

Beltestol er (ihvertfall i mitt hode) stoler der barnet er sikret med bilens belte, og stolene altså ikke har egne seler.

Ja, det er nok heilt rett. 

 

On 7.2.2018 at 21.53, awt skrev:

Jeg er litt der at det meste går med korrekte stoler. I ditt tilfelle er det vel mest aktuelt med en tvilling på hver side og største mann i midten.

Ja, det er nok slik me må ha det. Eg har funne ein småbarnstol, Klippan Century, som får gode skussmål for tryggleik, og som berre er 42cm brei. Det blir nok ein slik til størstemann, og så får me sjå kva tvillingane blir sitjande i. 

 

On 7.2.2018 at 21.53, awt skrev:

Om jeg får mulighet kan jeg forsåvidt teste i vår egen bil, da vi har både dobbelt og trippelt opp med det meste av barneseter. :shock:

Heilt topp! Ingenting er betre enn det. :D

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
On 6.2.2018 at 11.50, bmw cab skrev:

Jeg fikk låne en 17 mod F15 40E M-Sport av Bavaria en helg når min F11 var inne på SW oppgradering. Og jeg var rett og slett drit skuffet. For det første så følte jeg at bilen gikk dårlig,eller den gikk helt greit,men ikke godt nok i en tung stor SUV.

Og for det andre så følte jeg meg innestengt i bilen. Det føltes bare trangt og ikke veldig mye luftig. Kjørte over til Svinesund med full bil,og alle i bilene kommenterte det flere ganger at det var trangt baki,Både bein lengde og bredde. Og bagasje plassen skuffet like mye,så for min del var F15 en stor skuffelse. 

3 barneskoler i bredden går nok greit,men tror stolene vil stå tett i tett,og lage mye pipe skrape plast lyder.

 

Har merkeleg nok ikkje sett dette innlegget før no. Det er jo absolutt interessant at du opplever bilen som trang. Eg er jo ikkje særleg lysten på å bruke såpass mykje pengar på bil, og ikkje heilt føle på at han er stor nok. 

I ein travel kvardag har eg ikkje fått somla meg til å prøve bilen enno, men reknar med å få tid i den komande vinterferien. Ein annan bil som har blitt aktuell i det siste, er den nye XC90en. Eg les i testar og samanlikningar at den er noko større enn X5, og det tel jo mykje, men om X5 er stor nok er den framleis førstevalet mitt. Det er mykje med Volvoen eg kan like, men at alt frå klima og setevarme til lyd og navi går på touchskjerm er for meg heilt uforståeleg. Å betjene ein touchskjerm medan ein køyrer skurrer kraftig i mine øyre. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Om nokon andre skulle lure: ja, det går med tre bakovervendte barnestolar i F15. Eg prøvde med tre Britax Max Way. Det gjekk heilt fint. Førarstolen er justert etter ein person på 187, og er stilt inn utan tanke på å ofre plass. Eg prøvde òg med éin Britax Max Way og to Cybex Cloud Q (eller noko sånt), og det gjekk òg heilt fint. Babystolane var det plass til både med og utan base. Merk at eg har berre prøvd stolane for å sjå at dei får plass. Eg har ikkje prøvd det i praksis med ungar og det heile. Alle stolane er monterte med bilen sine belter, ikkje isofix. Det store minuset med F15 som familiebil, slik eg ser det, er bagasjerommet. Det er rett og slett svært lite når ein samanliknar med andre bilar i denne klassen. Me har i staden kjøpt ein XC90, og bagasjeromma kan rett og slett ikkje samanliknast. I Volvoen kan vogna under setjast inn på langs utan å slå ho saman.2018-03-04_21_25_39.jpg

Mtp montering av barnestolar vil eg tru X5 er vel så praktisk som XC90, om ein vel komforstolar. Komforstolane i X5 har ein knekk øvst i ryggen som gjev betre plass til bakovervendte barnestolar. Framstolane i XC90 har òg ein knekk, men den går motsett veg samanlikna med X5. Den gjer det altså vanskelegare å montere bakovervendte barnestolar. I alle fall om ein er 187. Sjølv om beinplassen i bakseteti XC90 er betre enn i X5, er det altså betre plass til bakovervendte seter i X5. Men bagasjerommet i XC90 er så stort at eg tippar du kunne fått plass til ein heil X5 inni. Det kombinert med at XC90 har sju seter og nesten dobbel så lang rekkevidde på straum gjorde at det blei Volvo denne gongen. At Volvoen er vesentleg sprekare enn BMWen gjer jo heller ikkje noko. 8)2018-03-05_10_34_12.thumb.jpg.a544797571ff0741ca4223eb027a84df.jpg

2018-03-05_11_10_30.jpg

Endret av justemann

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Ja, det er jo litt feil bil i mi bok òg. Sett bort frå storleiken, rekkevidden på straum og ytelsen er det vel X5 som appellerar mest til meg. Hadde bagasjerommet vore berre litt større... Trur faktisk bagasjerommet ikkje er særleg større i F15 enn i F31? Det er nokre år sidan eg hadde F31, men skulle ikkje forundre meg om storleiken var omlag lik... 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive