Hei! Fekk min nye Creator C310 i posten idag, og testa den på bilen. Hadde ikkje forventa å finne nokre kodar, då det ikkje lyser noko "check engine" lys og eg ikkje merkar noko feil med bilen. Men fekk altså koden i emnetittelen.
Sletta den og tok ein runde rundt kvartalet, sjekka på nytt og den var fortsatt der.
Tok av koblingen på sensoren, var ikkje tegn til fukt eller irr der, satte den tilbake og sletta koden, starta bilen og koden kom tilbake umiddelbart.
Ser på nettet at det er ein vanlig feil, og sensoren er jo enkel å grei å bytta. Men er det vanlig å få sånne kodar uten å få "check engine" lys?