Gå til innhold

Løyst - Likeretter eller spenningsregulator (E60 525d)?


Anbefalte innlegg

Skrevet

Har hatt problem med at bilen går batteritom 4 gongar ila. siste 1,5 mnd. (fullstendig tomt, ikkje ein gong sentrallåsen fungerer). Første gongen skjedde når bilen stod over natta på BMW verkstaden. Den gongen blinka interiørlysa veldig (spenningstoppar) første 20 sekund etter at vi kobla på starthjelp, men det slutta, så vi kom til at det kunne ha vore pga. at batteriet var tomt. Har lagt merke til litt forsiktig ujamn blinking et par gongar også i etterkant, uavhengig av når batteriet har gått tomt. No i kveld tok imidlertid denne ujevne strømtilførselen seg opp og lysa blinkar litt meir (angeleyes’a blinkar også). Måler ladespenninga til 14,2 V på tomgang, og innimellom varierer den mellom 14,0 og 14,3 V. Skulle nok hatt et oscilloskop, men slikt har en ikkje liggande..

Tilleggsopplysningar: 2 av dei fire gongane bilen har gått strømtom måtte eg gasse opp i ca. 1500-2000 o/min før turtellaren starta opp (stod på 0). Ingen problem med turtellaren eller andre instrument ellers.

Ladelampa lyser ikkje, ingen andre varsellampar heller som oppfører seg unormalt.

Batteriet har stått på vedlikehaldslading nesten heile tida i det siste for å unngå å gå strømtom. Spenninga på batteriet er no 12,56 V etter ein liten køyretur (2 mil), så får sjå korleis dette ser ut i morgon.

Nokon som har tips? Bytte heile dynamoen eller kun spenningsregulator? Dynamo inkl. spenningsregulator=kr 6000, Spenningsregulator=kr 1200

No trur eg bilen skal få stå, har ikkje lyst til å grille all elektronikken… :-/

Skrevet

Har ikkje bytta batteri enda, då batteriet virkar å fungere heilt fint, problemet har oppstått veldig tilfeldig, uavhengig av ladestatus. Og så dette siste med at spenninga ser ut til å variere veldig indikerer vel problem med dynamo (evt. kun spenningsregulatoren)? Men for å følge korrekt prosedyre har eg fått verkstadtime for å bytte batteri i morgon (må kode om ved bytte av batteri på E60, det fordyrar jo litt - kostar sikkert en 1000 lapp i arbeid++...)

Får sjå kva som blir resultatet av dette, skal sende inn oppdatering her + får forhøyre meg med verkstaden.. Blinkar lysa like veldig etterpå tør eg ikkje køyre bilen - kanskje demontere dynamoen og sende den til overhaling? Triconor kan dynamoar, skjønte eg - eller er det berre å bytte spenningsregulatoren først og sjå om det hjelp?

Skrevet

Ved omkoding blir vel og eventuellt feilkoder sletta?

Maks ladespenning er 14,4v. Blir spenningen høgare enn det bør du bytte spenningsregulator.

Du kan måle med litt turtall.

Dårligt batteri skaper fort litt småproblemer med nyere Bmw biler. (har lest om fleire episoder her inne)

Ps: Du skal vel væra litt forsiktig med starthjelp på ein so ny bil. Kan fort øydelegge litt.

Skrevet

Det stemmer nok at feilkoder blir sletta ved omkoding, mulig eg kan spørre fint om dei gidd å lese ut evt. feilkoder først :)

Spenninga ser ut til å halde seg innanfor, men den varierer altså veldig (sist når eg målte var den nede i 13,4 V så opp i 14,5 V. Måler med multimeter, reknar med at eit oscilloskop ville ha vist peak-spenningar som hadde medført at eg ikkje fekk sove om natta.

Har altså ikkje brukt starthjelp av bil, men ein slik som dei hadde på BMW verkstaden. Ellers har eg brukt det nye batteriet kobla i parallel med det gamle med kraftige startkablar til starthjelp, evt. lada batteriet med CTEK ladaren over natta til neste dag (har altså skjedd totalt 4 gongar).

Huff, håpar på at dei er samarbeidsvillige på verkstaden.. Har i alle fall ikkje skrua noko sjølv her, og første gongen det skjedde at batteriet gjekk tomt var over natta på ein anna BMW verkstad i samme kjeda. Kryssar fingrane, i alle all :)

Skrevet

Har fått fortalt både via forhandlar og på diverse forum at bilen har programvare for å registrere tilstanden til batteriet, samt at type batteri må kodast inn for å gi optimal lading. Ved bytte av batteri må ein registrere dette slik at det nye batteriet får korrekt lading.. Synest at det er på trynet, dvs. i teorien er det jo kjempebra, men det blir jo tungvint da...

  • 2 weeks later...
Skrevet

Vell, etter batteribytte og utlesing/nullstilling av feilkoder slutta interiørlysa å blinke, og problemet har vore borte i 2 veker no. :-D

Låg inne 6-7 feilkoder som hadde blitt trigga; slik som eg forstår det går enkelte komponentar over i ein slags reservemodus og oppfører seg derfor annleis. Men kvifor lysa i bilen skulle starte med å blinke som om ein spenningsregulator el.l. var gåen pga. dette er jo eit mysterium for meg...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...