Bror min har ein Mercedes Benz 2,3 16v 1985 modell som no har fått eit lite motorproblem. Eg køyrte bilen i 90km/t, så mista den liksom all kraft, så eg girte ned i 4 og ga bånn gass... Bilen berre daua.... No vil den ikkje starte. Samme symptom så når det er lite batteri, får ikkje kinna den skikkelig.
Slepte den inn til ein venn av meg som har peiling, men han klarte ikkje å dra rundt bolten til veiva eigong. Istadenfor å dra rundt veiva, så stramma han bolten. Symptom på at motoren har skjært seg med andre ord. Bilen har gått under 200.000km, tennpluggene var heilt fine, olja var av skjønnaste kvalitet og me skrudde av toppdekselet og det var til og med masse olje der. Så bortsett frå at veiva står bom fast virker det som, så er det ingenting som tyde på at motoren skal ha skjært seg!
Eine tennpluggen hadde forresten antydning til å ha blitt litt varm, men ikkje nåke farlig varm!
Setter pris på svar osv!