Har nokon felger til bmwen som eg tenkte eg kanskje kunne bruke på audien... Lure berre på kva eg må gjere for å få til dette!
Bmwen har boltsirkel - 5-120, innpress 20 og senter 72,5
Audien har boltsirkel - 5-112, innpress 45 og senter 57,1
Er det vanskelig å få til? Har nemlig nokon feite 18tommera eg kunne tenkt meg å hivd på, men dersom det er vanskelig, så kjøpe eg heller nokon billige greier!!!