Etter at eg skifta vannpumpe for eit par veker sidan, då ødelagte eg viskose koblinga, sidan har vifta gått heile tida.
I går ut i frå eit kryss, i 1. gir, så kom det plutselig eit smell under panseret og det hagla plastbitar ut og det lakk vatn bak meg.. veldig festlig... stoppa motoren med ein gang, og kjørte inn til sida.. Under panseret hadde (ihvertfall det eg trur har skjedd) dekselet over vifta komme borti vifta og eksplodert på ein måte når det hagla plastbitar.(sjå bilde, litt dårlig kvalitet.) Det blei 2 hol i radiatoren og så det har vore kraft i plasten!
Men korleis dette har skjedd veit eg jo ikkje, og kvifor dekselet har løsna anar eg ikkje. Kan det være nokre vifteblad som har løsna sidan den har vore mykje i bruk i det siste som har starta det heile? Nokon som har vore borti lignande problem??