Hehe. ja, han er vel meir eller mindre av den gamle skulen ja, der dei var bilmekanikere og ikkje deleskiftere.
Kan hoksa han har fortalt meg at den verste franske bilen han veit om, er Citroen. Grunnen var at du måtte ha så mykje spesial verktøy for å utføre ein jobb som du på andre biler kunne gjere med eit par skiftenøkler.
Peugeot har han eigentleg ikkje så mykje imot når det gjelde dei nyare modellene, men han synest at dei er veldig trange i motorrommet, noko eg seie meg einig i. Men utover det er det jo heilt greie bila, med fin kjøyrekomfort og bra motor og drivverk.
Er einig med deg i det at BMW og Peugeot har mykje som er av dårleg kvalitet!
Berre sjå på min for eksempel, ein E34 520 fra 1989, med styresnekke, greit nok at dei har forbetra dei fra 1970-tallet, MEN, det er fortsatt gammal teknologi som mange andre bilmerker har gått vekk fra! Og kven ellers enn BMW er det som har tre ledd på kvar side fra styringa og ut til hjula?!
Det er sånne ting dei burde for lengst ha fiksa på ein 1989 mod! Ikkje ein gong Passaten til far min fra 1989 har tre stk!
Det er ikkje berre Skoda som har dårleg rykte på seg, ta KIA for eksempel. Det er heilt supre bila etter min meining! Enkle å skru på, billige deler og slitesterke.
Mange bilmerker som ikkje fortjener ryktet dei har, både den eine og den andre vegen