Gå til innhold

Bjørn 320

Medlem
  • Innholdsteller

    2515
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Bjørn 320

  1. Når du tek av hjulet vil du sjå den "på innsida", berre følg ledningen som går inn der, sensoren er vel ca. 4-5 cm lang og kanskje 2 cm tjukk. Berre pass på å ikkje forveksle den med slitasjevarslar for bremseklossane (trur desse er på høgre bak og venstre framme), men du ser fort kva ledning som går til kva
  2. Ang. feilen på ABS og antispinn er det nok nesten heilt sikkert ein sensor. Sidan feilen berre er der av og til kan det godt hende det berre er dårleg kontakt. Du kan nappe ut kontaktane og blåse reint, evt. smøre litt, det kan vere nok. Om feilen er der permanent kan du ohme sensorane, dei skal ha omtrent samme motstand (trur det er ca. 1 kOhm).
  3. Skal verkstedet ha mykje for å skifte dei? Den jobben klarer du nok fint sjøl, det er ein skrue i toppen og ein i bunnen, gjort på kort tid! Sannsynlegvis går det "sikkert bra", men det er jo ein auka risiko ifm. å køyre med defekte støtdemparar...
  4. Ikkje heilt uvanleg å ha på ein liten dieselskvett like før oljeskift for å rense litt ekstra. Så litt diesel vil nok gå heilt fint.
  5. Kanskje du kan bruke slike, så kan du unngå å demontere bunnpanna? http://www.biltema.no/no/Bil---Mc/Verkt ... sjonssett/
  6. Dette er ikkje noko som er normalt skal kunne skje. Om bilane er mindre enn 5 år gamle, bør dette bli dekka av reklamasjonsrett (uavhengig av garanti), fordi motoren normalt skal vare meir enn 2 år utan at noko slikt skal skje. Køyr på! Edit: Sjå gjerne punkt 4 på denne sida.
  7. Du må nok vere idiot ja, eg skifta på min E87 når eg stod i kø, uten å ha lest instruksjonsboka Gjer som aottesen seier. Du må nok prøve deg litt fram, men det er inne på den menyen med bilde av ein nøkkel.
  8. Om batterispenninga er ned mot 10V er det flatt, så godt som utlada. Om du tek ut alle sikringane i sikringsboksen, går det fortsatt strøm ut av batteriet?
  9. Kor langt ned gjekk den da? Nokre få mA er heilt normalt. Pass også på at kupelys, bagasjeromslys, etc. er skrudd av, ellers vil du bli lurt av desse.
  10. Bilen har komplett servicehefte, gått 67000 km, så det bør vel da vere fiksa allerede?
  11. Ok, takk for det Har også 12 mnd garanti, så uansett bør vel da dette bli dekka?
  12. Har sjøl kjøpt meg 116i, 2008-modell. Kva spurde du forhandlaren om, fint om du kan formulere det sånn at eg som ikkje er mekanikar kan forstå det
  13. Napp ut alle sikringar frå sikringsboksen. Sett inn amperemeter mellom minuspolen på batteriet og karroseriet. Sett inn ein og ein sikring til du ser at det plutseleg går strøm.
  14. Oljefilmen vil jo i større eller mindre grad forsvinne i det motoren mistar oljetrykket. Så sant det ikkje er elektrisk oljepumpe som fortsatt går når motoren blir stoppa, kan eg ikkje skjønne anna enn at oljefilmen delvis vil forsvinne. Når det er sagt, eg er ingen mekanikar og i alle fall ingen maskiningeniør, eg baserer meg kun på det eg har blitt fortalt av personar med mekanisk utdanning.
  15. Prøvde nettopp ein ny Mini med nøyaktig det samme systemet som står i BMW, og etter min meining stoppa det oftare enn eg likte. Eg er fullt klar over at det er ei heil rekke med ting som skal vere oppfylt, bl.a. batterispenning, motortemperatur, inne- og utetemperatur osv. Som sagt, eg har ikkje gjort nokon form for berekningar, men det er ingen tvil om at å starte og stoppe motoren mange ganger i løpet av ein køyertur fører til større slitasje enn å kun starte motoren éin enkelt gang.
  16. Ein del stasjonar har slutta med 98 for lenge sidan, pga. lite salg. Derimot vil det nok gå mange mange år før 98 forsvinn heilt. I alle fall dei litt større stasjonane vil nok ha 98 i mange år fortsatt.
  17. Fekk samme melding, fekk beskjed om at medlemsavgifta ikkje var betalt, sjølv om eg har betalt denne for lenge sidan. Har sendt mail til info@bmwccn.no.
  18. Ja, tomgangskøyring vil nok i større eller mindre grad påvirke totalforbruket (og utsleppet). Derimot er eg langt frå sikker på at levetidskostnaden for bilen (inkl. forbruk, reparasjon, service osv.) blir mindre, og heller ikkje dei totale utsleppa av f.eks CO2. Ein motor som står på tomgang i 10 sekund vil få langt mindre slitasje enn å bli stoppa og starta igjen, ref. gamle Mercedes-drosjer som kunne rulle nesten inn i evigheita, og ein motor med automatisk start/stopp må dermed skiftast ut lenge før den motoren som har stått på tomgang den samme tida. Energiforbruket og utsleppa ifm. produksjon av ein ny motor tilsvarer svært lang tid med tomgangskøyring, og utan å ha gjort ein einaste berekning vil eg tør påstå at det i lengden ikkje vil lønne seg å stoppe motoren for nokre få sekund.
  19. På min 2008-modell 116i (nettopp kjøpt brukt) ser dette ut til å vere deaktivert. Har knappen til å skru det av, men motoren stoppar aldri uansett. Og eg er glad til...greit nok at forbruket kanskje blir redusert bitte litt, men å starte motoren i hytt og pine slit mykje meir på både motor og startmotor enn å la den gå på tomgang.
  20. Veit du når det kom på E87?
  21. Ok, takk for det
  22. Takk for det Ein litt anna ting ang. samme sak. Er det "skadeleg", fører det til stor slitasje på xenon-pærene ved å skru dei av og på, f.eks om ein køyrer ut og inn av mange tunnelar, som på E18 gjennom Vestfold?
  23. Jo, kanskje litt sterkare når du seier det. Alle ringane er også langt sterkare når dei er brukte som køyrelys, sammenligna med når dei er brukt som parklys.
  24. Nei, ikkje dersom det er releet. Eit rele er ein elektromekanisk brytar, ikkje ein motstand. Det fungerer ved at du gir ein liten straum (styrestraum) inn til spolen (ein elektromagnet), som trekker til og styrer ein større straum. Vil tru dette er her for å forhindre at vifta skal gå om tenningen er avslått.
×
×
  • Opprett ny...