Har bestilt 1 gong fra Koed...det var ei vare dei måtte spesialbestille frå Tyskland, den vart ei veke forsinka frå Tyskland til Koed, men det var tross alt ikkje Koed sin feil...i tillegg sendte dei meg mail så fort dei fekk vete om det. 2 dagar etter at varene vart sendt var dei komme til Oslo, men Posten presterte faktisk å bruke FEM dagar frå Oslo til Sogn...
At Posten er trege er ikkje Koed sin feil, så alt i alt vil eg sei meg veldig fornøydd med både levering og service