Nei, det er faktisk ikkje rart i det heile tatt! Batteriet er meir eller mindre heilt tappa for straum, men nok til at det klarar å halde spenninga oppe til f.eks lyset. Når du prøver å køyre startaren trekker denne plutsleg mykje straum (eller prøver...), dermed vil du få eit veldig stort spenningsfall i batteriet, og du får nesten ikkje spenning til verken startar, lys eller noko anna. Trill bilen nedover ein bakke, eller bruk startkablar. Når du har fått start, så køyr deg ein god og lang tur, pga. at dynamoen leverer mykje meir straum enn ein vanleg batteriladar, og dermed ladar det mykje fortare oppatt
Kan sei med 99,9% sikkerheit at det er batteriet ditt som er flatt.