-
Innholdsteller
238 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Artikler
Forum
Galleri
Blogger
Kalender
Alt skrevet av justemann
-
Ja, det er jo litt feil bil i mi bok òg. Sett bort frå storleiken, rekkevidden på straum og ytelsen er det vel X5 som appellerar mest til meg. Hadde bagasjerommet vore berre litt større... Trur faktisk bagasjerommet ikkje er særleg større i F15 enn i F31? Det er nokre år sidan eg hadde F31, men skulle ikkje forundre meg om storleiken var omlag lik...
-
Om nokon andre skulle lure: ja, det går med tre bakovervendte barnestolar i F15. Eg prøvde med tre Britax Max Way. Det gjekk heilt fint. Førarstolen er justert etter ein person på 187, og er stilt inn utan tanke på å ofre plass. Eg prøvde òg med éin Britax Max Way og to Cybex Cloud Q (eller noko sånt), og det gjekk òg heilt fint. Babystolane var det plass til både med og utan base. Merk at eg har berre prøvd stolane for å sjå at dei får plass. Eg har ikkje prøvd det i praksis med ungar og det heile. Alle stolane er monterte med bilen sine belter, ikkje isofix. Det store minuset med F15 som familiebil, slik eg ser det, er bagasjerommet. Det er rett og slett svært lite når ein samanliknar med andre bilar i denne klassen. Me har i staden kjøpt ein XC90, og bagasjeromma kan rett og slett ikkje samanliknast. I Volvoen kan vogna under setjast inn på langs utan å slå ho saman. Mtp montering av barnestolar vil eg tru X5 er vel så praktisk som XC90, om ein vel komforstolar. Komforstolane i X5 har ein knekk øvst i ryggen som gjev betre plass til bakovervendte barnestolar. Framstolane i XC90 har òg ein knekk, men den går motsett veg samanlikna med X5. Den gjer det altså vanskelegare å montere bakovervendte barnestolar. I alle fall om ein er 187. Sjølv om beinplassen i bakseteti XC90 er betre enn i X5, er det altså betre plass til bakovervendte seter i X5. Men bagasjerommet i XC90 er så stort at eg tippar du kunne fått plass til ein heil X5 inni. Det kombinert med at XC90 har sju seter og nesten dobbel så lang rekkevidde på straum gjorde at det blei Volvo denne gongen. At Volvoen er vesentleg sprekare enn BMWen gjer jo heller ikkje noko.
-
Har merkeleg nok ikkje sett dette innlegget før no. Det er jo absolutt interessant at du opplever bilen som trang. Eg er jo ikkje særleg lysten på å bruke såpass mykje pengar på bil, og ikkje heilt føle på at han er stor nok. I ein travel kvardag har eg ikkje fått somla meg til å prøve bilen enno, men reknar med å få tid i den komande vinterferien. Ein annan bil som har blitt aktuell i det siste, er den nye XC90en. Eg les i testar og samanlikningar at den er noko større enn X5, og det tel jo mykje, men om X5 er stor nok er den framleis førstevalet mitt. Det er mykje med Volvoen eg kan like, men at alt frå klima og setevarme til lyd og navi går på touchskjerm er for meg heilt uforståeleg. Å betjene ein touchskjerm medan ein køyrer skurrer kraftig i mine øyre.
-
Ja, det er nok heilt rett. Ja, det er nok slik me må ha det. Eg har funne ein småbarnstol, Klippan Century, som får gode skussmål for tryggleik, og som berre er 42cm brei. Det blir nok ein slik til størstemann, og så får me sjå kva tvillingane blir sitjande i. Heilt topp! Ingenting er betre enn det.
-
Godt å høyre! Eg ser forresten at eg sikkert ikkje er heilt inne i barneseteterminologien. Eg skreiv beltestol i førre innlegg, men meinte bakovervende stolar for barn mellom 1 og 4 år (eller noko i den gata). Beltestolar er kanskje noko anna igjen? Hadde det gått med tre bakovervendte i X4?
-
Har òg innsett at isofix-festene ikkje kan brukast, men eg har eit håp om at det skal vera mogleg å montere tre beltestolar attmed kvarandre. Då vert breidda i baksetet utnytta mykje betre. Men eg har enno ikkje somla meg til å prøve.
-
Det høyres jo absolutt ut som noko å tenkje på, ja. Må innrømme at eg har gått ut frå at test av bilstolar har så stort fokus på tryggleik at om ein går for testvinnarar, så er ein sikker på at bilstolen er av dei tryggaste.
-
Nei, det er nok berre to isofix i X5, men eg lurer på om det er plass til eit sete i midten om ein brukar isofix-festene på sidene. Eg ser at det eg skriv kan tolkast som at det er tre isofix-fester, men som Marius2002 skriv, er det vel diverre berre Q7 som har det. Q7 er nok større enn X5, men om det går med tre seter bak i X5 er det den eg føretrekk, seier eg utan å ha prøvd nokon av dei, noko eg sjølvsagt må. Behovet for tre stolar kom litt meir plutseleg enn venta. Hadde ein frå før, har no tvillingar på veg. Stor stas! Takk takk! Dette ser jo i utgangspunktet lovande ut Nei, det er akkurat det eg finn òg. Fleire får det lett til med ulike kombinasjonar av framover- og bakovervendte stolar, men ingen skriv noko om tre bakovervendte på rad. Sjølv om det er X5 eg har mest lyst på, av ulike årsaker, blir eg nok godt fornøgd med Q7 òg, ja. Det fristar ikkje særleg hverken med Touran-liknande bilar eller enno større bilar som Multivan og V-klasse. Ja, heilt klart. Besøk hos både Møller og Jæger står på to do-lista, men eg hadde eit håp om at nokon her inne hadde erfaring med samme utfordringa. Kona er litt skeptisk til BMW-stolar sidan ho finn lite testinformasjon om dei, og sidan ho helst vil kjøpe testvinnar-stolar... Og det vil igrunn eg òg. Men om det er plass til tre BMW-stolar, er jo det ein klar indikasjon på at det kan vera plass til andre stolar og. Ja, men det er det berre Q7 som har. Reknar med det går greitt der, men har i utgangspunktet mest lyst på X5, og er difor nysgjerrig på om det går tre i breidda i den òg.
-
Er det nokon som veit om det let seg gjera å ha tre bakovervendte barneseter i X5 40e? Er det berre å gløyme isofix-festene om ein må ha tre stolar? Eg finn ein tråd kor konklusjonen er at 2-serie Grand Tourer er eigna til formålet, men ser ikkje at X5 vert skiven om i den tråden. Eit alternativ kan vera Audi Q7 e-tron, som eg ser har tre isofix i baksetet. Nokon som eventuelt har erfaring med den?
-
Ny pris!
-
http://www.finn.no/finn/car/used/object?editAd=true&finnkode=59499287
-
2011 316d Le Mans Blue M-Sport
emne svarte i justemann sin justemann i E90/E91/E92/E93 3-serie (2005-2012)
Er framleis open for fornuftige bod.... Om ikkje lenge blir eg nok open for ufornutige òg... -
Er open for fornuftige bod, eller bytte i E60/1 eller E91. http://www.finn.no/finn/car/used/object?finnkode=46787712&editAd=true
-
Takk skal du ha! Om det er tilfelle at EDC på X3 ikkje gjer ekstra komfort, skjønar eg godt at seljaren ikkje ville "prakke" dette på far min... Dette var forsåvidt akkurat det eg var ute etter! Sjølv om eg egentlig hadde håpa at seljaren tok feil, slik at EDC på F25 er like knask som på F10...
-
Tja, det er vel ingen som seier at seljaren er dum? I beste fall håpar eg at seljaren tek feil. Men at han er dum? Det er det vel ikkje noko grunn til å tru. Grunnen til at eg i utgangspunktet lurer på om han tek feil, er fleirfaldige testar som rosar EDC opp i skyene, i tillegg til eigne erfaringar med EDC på F10 (samt Mercedes sitt Airmatic, som teknisk ikkje er det same, men eigenskapane kan kanskje likevel samanliknast). Dersom eg kombinerar det med viten om at bilseljarar, som folk flest, ikkje er ufeilbarlege, gjev det grunn nok til å undersøke litt nøgnare. At same utstyrskode ikkje nødvendigvis betyr 100% identisk funksjon skal eg vera samd i, men funksjonen er likevel ikkje grunnleggjande annleis. Sportsetene i F30 har mykje til felles med sportsetene i F10, mellom anna gjev dei begge betre sidestøtte enn standard-setene... Men eg ser poenget ditt, og det er forsåvidt òg litt av poenget med tråden. Om eg hadde visst at EDC på X3 var det same som på F10, hadde det jo vore bankers... Erfaringa di med X3 med og utan EDC er interessant. Kva for type kjøring/vegar har du gjort desse erfaringane?
-
Takk igjen. Eg har søkt etter samanlikningar mellom ulike EDC, mellom anna på xbimmers.com, utan å finna noko særleg. Det i seg sjølv kan jo vera ein peikepinn på at samanlikning ikkje er naudsynt, då det er ein og same sak.
-
Hermanoo90, heilt klart eit poeng. Problemet er at det var heile tida snakk om å bestille heilt ny bil, slik at bilen som stod hos Bavaria ville uansett ikkje blitt seld. Men det kan jo hende at dette ikkje blei klart før etter litt. Sidan det er far min som skal kjøpe bil, vil jo ikkje eit manglande EDC-understell plage meg på dagleg basis, men eg syns det er dumt om seljaren tek feil (noko eg trur han gjer, men diverre basert på erfaring frå andre BMW-modellar). Særleg når det er snakk om skarve 10 000.
-
Torbfer, eg er heilt enig at det høyres merkeleg ut. Eg veit diverre ikkje kva for seljar far min har snakka med, men at han er nytilsett og enno ikkje heilt "innkøyrd", kan jo vera ein teori. Eg er i alle fall litt oppteken av at far min ikkje skal ta ei avgjerd basert på det som kan vera feilinformasjon (at EDC på X3 ikkje er lik EDC på F10). Takk, E.H.D. Det vil altså seia at EDC er akkurat det samme på F10 som på X3!? Den F10'en eg har køyrd, ein 525d, har altså då ikkje hatt Adaptiv Drive, men berre EDC!? Vidare når det gjeld F10, eg har berre køyrd to stykk, ein utan og ein med EDC. Diverre var det ei stund mellom køyreturane, men eg meinar å hugse at F10 med EDC var meir komfortabel i "Komfort" enn kva ein F10 utan EDC var!?
-
Ja, det er Bavaria Haugesund det er snakk om, og dei hadde, som du påpeikar, berre bil utan EDC. Så det kan altså vera Adaptive Drive bilseljaren tenker på? Berre for å få BMW-terminologien min rett: EDC er eit understell ein sjølv kan velje kor mjukt og stivt skal vera? Medan Adaptive Drive arbeidar konstant for å unngå krenging og til dømes "nose dive" ved oppbremsing? Heilt enig, OddaBMW. Om EDC er det same på X3 som på F10, er eg meir enn overraska over at bilseljaren ikkje anbefalar bestilling. Eg håpar nesten at denne seljaren har rett i at EDC på X3 ikkje er like stas som på F10. Og at RFT er noko herk? Oh yes!
-
Far min skal kjøpe ny bil, og har bestemt seg for å bestille ein X3. Han har kome i kontakt med ein bilseljar hos Bavaria som seier at EDC-understellet på X3 ikkje er vits å bestille. Hans påstand er at dette kun gjer understellet stivare, og ikkje meir behageleg. Han seier òg at EDC-understellet på X3 ikkje er det same som det ein får på til dømes 5-serie og X5!? Etter å ha prøvd ein ny 5-serie med adaptivt understell, har eg anbefalt far min på det sterkaste å bestille dette på sin X3. Eg har sjølv nettopp vore ein snartur Bømlo-København med min E90 med sportsunderstell, og det gjer anbefalinga mi berre sterkare! Sportsunderstell er kjekt på svingete "Bømla-vegar", men når ein cruiser på motorveg i høg fart, hadde det vore svært behageleg med ein knapp det stod "Komfort" på. Hovudspørsmåla blir altså: - Vert understellet på X3 mjukare med EDC enn utan? - Er EDC på X3 eit slags "leike-EDC", til forskjell frå X5 og F10/11 som har "ekte-EDC"? (jmf. Bavaria-seljar)
-
Takk for det. Eg ser heilt klart utfordringa med det valet. På blanda køyring ligg forbruket på min rundt literen. På langkøyring (Haugesund-Oslo t/r) har eg målt forbruket til 0,83 l/pr mil.
-
Klart du kan. Då eg har byrja å pendle langt, ynskjer eg ein bil med betre drivstofføkonomi. Verre er det ikkje.
-
Fin bil, men bensin er diverre uaktuelt.
-
Det kjem litt an på kva for bil du tenkjer på? Eg er i utgangspunktet på jakt etter 520d eller 320d (E39/46).