Gå til innhold

justemann

Medlem
  • Innholdsteller

    238
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av justemann

  1. http://www.finn.no/finn/car/used/object ... e=30507220
  2. Eg ser du held til i Bergen. Hender det at du er sørover mot Stord? Eg ser du skriv "bud"... Eg kan gje deg 1500,-!?
  3. Dekk og felgar kan vera interessante. Er det sår eller kast i felgane? Eg ser du skriv "bud", men omtrentleg kor mykje ventar du å få?
  4. Ryddig og grei inndeling det der Kanskje legge til en kategori for X modellene? De har vel 14mm bolter? Det høyres ut som ei fornuftig inndeling ja. Men som Erik_S påpeikar kan det kanskje vera ein idè å leggja til ein kategori for dei bilane som skil seg ut? Noko som òg er tilfellet med E39? Slik eg har forstått det er E39 åleine om å ha navdiameter på 74,1?
  5. Kor har du dette frå? Slike bastante påstandar bør vel gjerne underbyggjast med referansar? http://forbrukerportalen.no/klageguide/ ... rraringdet
  6. Eg er i utgangspunktet samd i di vurdering om at dette ikkje er eit klart tilfelle av at kjøpar er "fucked". Likevel stussar eg litt når du skriv at han har rett til å få utbetra feila på bilen. Kor i kjøpslova finn du dette? Referansar; ja takk! Det er vel relativt mange usikre faktorar i denne saka som bidreg til at det kan gå begge vegar? http://www.lovdata.no/all/tl-19880513-027-007.html Hvis trådstarter ikke kommer noen vei med idioten som solgte han bilen, er neste fornuftige steg å ta kontakt med forbrukerrådet eller bruke noe kroner på advokat. Å tape alle 50000,- kan jo umulig være en løsning. Rust er dyrt å utbedre og kan føre til at bilen ikke blir EU godkjent, som igjen fører tila t den har liten verdig for trådstarter. I §30-1 er "dersom" nøkkelordet, det er jo dette som oftast er vanskeleg å avgjera, om tingen er mangelfull eller ei. For å avgjera om det føreligg ein mangel må ein sjå til kapitlet om "varens egenskaper mangler m.m.". http://lovdata.no/all/tl-19880513-027-004.html Eg er samd med deg at neste fornuftige steg er å kontakte Forbrukarrådet, men slik eg tolkar kjøpar har han vel gjort dette? Forbrukartvistutvalet vil i sin tur avgjera om det er rimeleg å tru at selgar visste om denne feilen, og såleis braut opplysingsplikta si.
  7. Loven er klar ja, men når selger ikke gjør noe så blir det jævlig vanskelig!!! Jeg skjønner med dette at du ikke har støtt på et slikt poblem i det virkelige liv. Det er fortsatt hælvetes langt mellom teori og praksis. Man har fortsatt ikke lov til å tvinge folk til å gjøre ting når de gjør motstand. Uansett hvor rett man har, da må man bruke lovens lange arm, men de kommer ikke før det ligger en dom i fra retten. Det er derfor det det bla annet finnes slike program som TV2Hjelper deg, for det eneste som noen ganger hjelper er å henge de ut i media, eller som andre, de bruker HA... Nei for å se det sånn, livet er hardt og brutalt og overhode ikke rettferdig! Lova er kan henda klar ja, problemet er vel heller uklare fakta. Det er her forbrukartvistutvalet, tingrett, lagmannsrett og høgasterett kjem inn i biletet. Dei vil vurdera opplysingane i ulike saker og til slutt vurdera om det er Ola eller Kari Nordmann som fortel sanninga... Slike saker som dette vert jo ikkje prøvd i høgsterett, men prinsippet der og i til dømes forbrukartvistutvalet er jo meir eller mindre det same...
  8. Eg er i utgangspunktet samd i di vurdering om at dette ikkje er eit klart tilfelle av at kjøpar er "fucked". Likevel stussar eg litt når du skriv at han har rett til å få utbetra feila på bilen. Kor i kjøpslova finn du dette? Referansar; ja takk! Det er vel relativt mange usikre faktorar i denne saka som bidreg til at det kan gå begge vegar?
  9. Dersom bilen har fullt servicehefte er det vel truleg at selgar sit på informasjon om den generelle tilstanden om bilen, gitt han gjennom dei ulike verkstadane i serviceheftet. Om det er rimeleg at selgar skulle vite om denne feilen vil forbrukartvistutvalet ta stilling til om du tek saka dit. Om dei finn at dette er ein feil selgar visste om er det fleire paragrafar i "kapittel IV. Varens egenskaper; mangler m m." som er interessante. Les dette kapitlet.
  10. Har en likens historie men da handlet det om bremser. Da blei og kjøpet hevet pga bilens mangel på trafikksikkerhet. Eg skjønar ikkje heilt meininga med det du skriv. Rett meg om eg tolkar deg feil. Først hevdar du at selgar ikkje har noko ansvar for eventuelle feil og manglar så lenge bilen "selges som den er" og kjøpar har "besiktiget og prøvekjørt bil". I neste omgang kjem du med eit døme som viser at det likevel ikkje er slik du først hevdar. Etter min kommentar, der eg kjem med ein påstand om at det heldigvis ikkje er slik at selgar har høve til å fraskrive seg alt ansvar gjennom eit lite kryss på eit papir, føl du opp med endo eit eksempel som er med å stadfeste min påstand? ??
  11. Diverre har du ikkje høve til å heve kjøpet innan 10 dagar. Det verkar som om dette er ei utbreidd oppfatning? Kor kjem denne røvarhistorien frå? Angrerettlova gjer oaa 14 dagar angrefrist, men det er i samband med fjernsalg, til dømes kjøp på internett og telefon. Du har i utgangspunktet gjort det vanskeleg for deg sjølv når du undersøkjer bilen først etter kjøpet. Det reknar eg med du ikkje gjer igjen... Passande sengelektyre i din situasjon vil vera kjøpslova (http://lovdata.no/all/hl-19880513-027.html). Det er denne lova du og selgar må forholde dykk til. Det tek ikkje særskild lang til å lese gjennom lova, og ho byr på særs nyttig informasjon å ha i hende med tanke på framtidige kjøp og sal. Sjølv om bilen er "seld som den er" tyder ikkje det at du nødvendigvis er "shit out of luck". Bilen må likevel svare til dei forventingar som er knytt til han gjennom selgar sine opplysingar, samt prisen. Var det rimeleg å venta at selgar visste om denne rusten? Eg kjenner fleire som har lite greie på korleis bilen deira ser ut under. Dersom dette er ein feil som selgar ikkje visste om, har han heller ikkje plikt til å opplyse om feilen. Eg slit litt med å førestilla meg kva "berre matta og kitt" inneber? Pris er òg eit sentralt tema som nevnt av andre òg. Ein bil til 10 000 kroner er det svært få forventingar til, ei skranglekasse som kan bryte saman nærast kva tid som helst. Ein dyr og nyare bil er det derimot andre forventingar til. Du ventar gjerne ikkje å finne store rusthol i golvet på din 2005 modell 318i...
  12. Eg er diverre vekkreist i helga. Eg ser du held til i Rogaland? Eg skal nemleg til Stavanger, og kjem til å bu svært nær E39. Det kan jo vera eit alternativ å møtast langs vegen ein plass dersom du køyrer denne vegen? Var det forresten mange klips som overlevde demonteringa?
  13. 200kr! den ene er en liten sprekk i framkant, du kan se det på bildet 200 kr inkl. frakt? Då er det det same for meg om du sender dei i posten eller tek dei med når du likevel skulle til Bømlo.
  14. Kor mykje skal du ha for innstegslistene?
  15. Eg kan òg skrive under på at komfortseter er alfa og omega!
  16. Eg har motsette erfaringar frå denne bilen/motoren. Gjennomsnittleg forbruk på drosjekøyring (alt frå "bondevegar" til europavegar) ligg på omlag 0.6-0.7. Dersom eg er svært forsiktig med gasspedalen får eg forbruket ned i omlag 0.5 på svingete og kuperte vestlandsvegar (mellom 50- og 70 km/t). (Data henta frå køyrecomputeren) Til samanlikning er forbuket på Mercedes sin 3 liter V6-CDi (E280CDi) omlag 10-20% høgare på tilsvarande køyring. Heller ikkje på den nye E-klassen (W??? - E220CDi) får eg forbruket tilsvarande langt ned som i 525'en.
  17. Eg har logga mange timar bak rattet i ein 525da x-drive 09 modell, dog ikkje m-tech. Motoren kan anbefalast på det sterkaste. Den verkar å vera sterk på låge turtall, og misser heller ikkje krafta før girskifte.Det er ikkje mange dieselmotorar som inspirerar til "seine" girskift, men det er absolutt tilfellet her. Når det gjeld kva for utstyr som kan sjåast som eit "must" er jo det ein svært subjektiv affære. For min del er dei aller viktigaste momenta for trivsel det eg sit i, og det eg held i. Altså vil eg vektleggja komfortseter og sportsratt. Vidare er det vel slik at "dingsar" og gadgets alltid er kjekt? Til dømes vert det aldri det same med ein konvensjonell cruisecontrol etter å ha hatt ein aktiv som føl bilen føre deg. Høve til å kopla telefonen til bilen er jo også kjekt. Som sagt er dette med utstyrsnivå særs subjektivt, og sjølvsagt styrt av innhaldet i lommeboka. Det beste rådet er kan henda å prøva seg fram. Prøv ein bil med komfortseter og ein med sportseter og/eller standardseter. Prøv ein bil med automatgir og ein med manuelt. Prøv ein blå bil og ein rød bil ... Osb osb... Eg ser at mora di har quattro på sin noværande bil. Då ville eg ha prøvd ein 525 med X-drive. Etter mange mil i vinter på varierte vestlandsvegar på alt frå slapseføre til store snømengder har eg berre lovord om systemet!
  18. Eg såg nøgnare på bileta etter å ha sett lakkoden, då såg eg jo at bilen ikkje er svart slik som eg trudde.. Difor må eg nok melde pass, eg ventar på at ei "carbonschwarz" bakluke skal ramle ned frå himlen! Takk for tilbod om levering og lukke til med salet!
  19. Ok. Bakluka kan vera interessant. Har du i så tilfelle bilete og ein cirkapris?
  20. Er bakluka heil? Kva for lakkode er det?
  21. Har du prøvd dette?
  22. Jeg tror ikke at du har rett i denne påstanden. BMW´s generelle garanti er 2 år med en reklamasjonsfrist på 5 år. Det siste betyr trolig at BMW i hvert enkelt tilfelle vil vurdere hvorvidt en garanti stadig er gjeldende avhengig av hva som er ødelagt og hvordan ødeleggelsen fant sted. Dette skriver BMW vedr. garantivilkårene: Når du kjøper en ny BMW, får du kjøregleden med på kjøpet. Fra 2004 har BMW utvidet garantien på karosseriet til hele 12 år og på lakken til 3 år (gjelder førstegangsregistreringer). For hele bilen (unntatt slitedeler), samtlige originale BMW deler og originalt BMW tilbehør gjelder 2 års garanti uten kilometerbegrensning. Derfor er kjøregleden garantert. For kunder som har kjøpt bilen hovedsakelig til privat bruk, er lengstefristen for å reklamere 5 år. Garantien gjelder som et tillegg til de rettigheter som er beskrevet i det folgende, og begrenser ikke kjøperens rettigheter etter Forbrukerkjøpsloven. For detaljer viser vi til BMW Garantivilkår som du kan laste ned her. Din BMW forhandler eller ditt BMW Service verksted vil kunne besvare ytterligere spørsmål rundt dette. Garantivilkårene er for tiden under revisjon. Kontakt eventuelt nærmeste forhandler. http://www.bmw.no/no/no/_teaserpool/dow ... vilkar.pdf Garanti eller ei... Her skriv du jo sjølv at lengstefristen for å reklamera med heimel i forbrukerkjøpslova er 5 år, avhengig av om "tingen" er meint å vare vesentleg lenger eller ikkje(§27 om reklamasjon). Heldigvis er det ikkje slik at det er den einskilde næringsdrivande, til dømes BMW eller Stenshagen Bil, som har høve til å avgjera om ein "ting" bør vare lenger enn 5 år eller ei. Eg trur det er rimeleg stor konsensus i samfunnet om at ei girkasse bør vare vesentleg lenger enn 5 år, og at dette heilt klart er noko forbrukaren har høve til å reklamere på.
  23. http://www.finn.no/finn/car/used/object ... e=23821216 Ein skikkeleg gøyal bil! God på vinterføre er han òg...
  24. Mja... For xenon-modellen er det vel rett i overkant av 9000,- meinar eg... Så då kostar det jo litt skjorte. Men at folk som skal ha lykter utan xenon vel å kjøpa "Supersimbin5000" jalla-lykter når ein kan få Hella-lykter til omlag 3600,., det må jo vera uforståeleg! Edit; lyktene kom seg nokre hakk nå ja!
×
×
  • Opprett ny...