Mykje gode tips her Alt butter vel i at alle løysingane det her er snakk om, har fordelar og ulemper uansett. Spørsmålet er om ein vil unngå "lite luft" på sylinder nr 6, eller ha litt hard pedal. At sylinderen får for lite luft, har eg lite tru på er eit problem. Han sålangt ikkje høyrt om problem med det. Å gå for golf 1 bkf med å flytte denne og pedal 5cm, som engelsmennen, meiner eg blir for mykje arbeid, for store inngrep i torpedoen, og likavel får ein feelingen av hard pedal som er flytta mot venstre. Vil heller bruke arbeidstimane på å modde innsuget mot ein ix bkf som hardtop viste til bilder tidlegare, og då få optimal bremsekraft. Ser ut til at dette ikkje er så veldig innvikla å få til, og på samme tid får ein fint resultat, så blir nok dette eg går for
Ang 2002 tii, så fant ein slik ein på ebay her om dagen. Pris rundt 1500 kr, så var ikkje så dyrt det. Det var "buy now" pris. Problemet er berre at denne annonsa er ute. Om det blir kjøp av ein slik ein, slepp eg nokk inngrep på torpedo, så får følge med om det ikkje kjem ein ny ein til salu