Her har det skjedd litt sidan sist eg var inne..
Enig med deg oyvind26, E92 320 er ingen kjip bil!
STOR motor er kun vits i på bane, og kun der, der den kan bli brukt skikkelig. Evt. i lyskryss, men dette blir fort kjedelig..vokst litt ifrå sånt.
Eg er strålande fornøyd med dei 170hk som motoren leverer, og hadde ikkje hatt bruk for ein hk meir, så pen som den bilen er å sjå på og så behagelig som den bilen er å kjøre!
Som eg nevnte tidlig i tråden men som tydeligvis ikkje går inn hjå dei fleste som har "bidratt" i denne tråden( med unntak av eit par stykker), er at oppgraderinga til 335i-eksos ikkje går på å "late" som eg har bil med stor motor. Dette er fordi heilhetsintrykket av bilen, etter mi meining blir meir strøkent. Hadde folk tatt seg bryet med å lese første innlegget mitt to gonger, ville ein skjønt at eg ikkje ville ha diskusjon om dette er "rett eller galt" av meg.. Eg spurte klart og tydelig om kor det er best å få bytte av eksos gjort! Håper det er slutt på innlegg som ikkje omfattar dette, og til deg som ba meg putte pengane i ein rævkjørt E46 330 i staden for "jalla-eksos", du syns kanskje alt av originaldeler frå BMW er jalla du då?