Gratulerer med flott bil
Snakka nettopp med ein kompis som har ein -02 320d 150HK som har grubla på det samme spørsmålet i lengre tid. Han satt i bilen no og hadde akkurat vore hjå TS-racing og fått seriell-programmert "hjerna" der, og det var som å køyre ein ny bil
Eg ville definitivt også gått til ein seriøs aktør som har drive med dette lenge, kontra "boks-tuning" som eg ville holdt meg unna. Forstår likevel argumenta for boks-tuning; enkelt, billig og lett å kople tilbake til original. Men for meg veier ikkje dette tungt nok kontra å vite at alle parametere er tatt hensyn til i tuningen.
Kven du skal bruke kjem vel også litt an på kvar du bur.. Men det finst seriøse og flinke aktører mange stader.
Kan nemne nokre av dei eg har fått eit godt inntrykk av;
www.trimchip.com (Bergensområdet)
www.tsracing.no (Osloområdet + mobil-eining)
www.kimmit.no (vestlandet, mobil-eining)
www.tuningspesialisten.no (har mange leverandører rundt i landet)
Dette er heilt sikkert ikkje dei einaste som er gode på området, men eg har ikkje oversikt over alle heller