Eg har importert ein 1979 mod E24 635CSI frå USA. Han gjekk i Tyskland til 1985 deretter USA. Eg fekk han til Norge sommaren 2009. Vart vist hjå Biltilsynet på Voss for registrering, fekk ein liten mangellapp som no retta opp i, og kontrollseddel frå godkjent bilverksted er sendt biltilsynet. No ringer dei meg og fortel at eg må dokumentere kva for reglement desse bilane vart godkjent under i Norge i 1979. VIN nr er WBA53310005547816. Bilen er ei europeisk utgåve, ikkje noko endringar i USA.
Nokon som har gode råd om korleis eg skal få tak i dokumentasjon? Trudde forresten at desse bilane var typegodkjende i 79.
Aslak Myrvang
Eidfjord
mob 48 12 16 03.