Tenkte eg skulle legge ut ein liten prosjekttråd her om bilen min.
Bilen er ein Bmw 728I e23, 1986 modell, med 184 hk som nettop har gått 300 000km.
Bilen har manuell kasse, takluke, men er ikkje nåke ekstra utstyr på den som eg veit om, men står i eit uoriginalt Momo ratt og momo girkule.
Bilen er i ganske god stand, men det er begynt å komme litt overflate rust på den.
Bilen står på originale 14'' felgar, men når sommaren kjem så skal eg få på 17'' borbet felgane igjen
Bilen har blitt tatt godt vare på gjennom åra, og nesten alt av bremser blei bytta på den rett før eg kjøpte den, einaste e bremse kalipterane bak som ikkje har vert bytta. så er det nye demparar framme på den. Einaste eg har måtte bytta på bilen er hovud sylinderen til clutchen, og ein bremse slange ellers så har bilen funka fint!
Så det som skal gjerast med bilen er:
Bytte demparar bak+fjøyrer.
Bygge ny eksos, har plana om å bygge om til 2 1/2 toms, med grenrør.
Sandblåse begge hjulbuar bak, begge kanalane og ta av begge framskjermar for å fjerne rust på bilen.
så må frontrute byttast pga steinsprut, men denne må ikkje byttast før neste eu godkjenning.
Sote alle siderutene på nytt
Vurdere også chip til den, då blir det sånn ca 197 hk
Så dukker det nok opp litt etter kvart som må gjerast