Verdt å nevne kanskje... BMW kallar tilbake heile 1,3 millionar bilar over heile verda på grunn av ein batterifeil.
http://www.nrk.no/nyheter/verden/1.8051120
"Problemet skal vere at det er ein feil med festing av batterikabelen under panseret.
Bilane som blir trekt tilbake er alle BMW 5- og 6-serie laga som er produsert mellom 2003 og 2010, skriv Dow Jones Newswire.
Selskapet har sagt at feilen kan føre til at det elektriske systemet i bilane kan slutte å virke. Dette kan føre til startsvikt, og i nokre tilfelle, forkulling og brann.
Det er til no kome ni rapportar om defekte bilar, men det har ikkje så langt blitt rapportert om ulukker som eit resultat av feilen.
Selskapet seier også at reparasjonsutgifter vil vere gratis for kundane, og kan bli gjennomført i løpet av halvannan time hos autoriserte forhandlarar.
Marknadsdirektør Kjetil Myhre i BMW Group Norge seier til NRK.no at samtlege norske BMW-eigarar som dette gjeld, vil bli kalla inn til service.
– Det er snakk om om lag 4500 bilar her til lands. Eg vil understreke at det ikkje skal vere noko fare ved å køyre bilane, og spenningsfeilen som er oppdaga, er berre funnen på ni bilar på verdsbasis."