Hei
Her ein dag skulle eg bytte ut festet som held eksospotta på min BMW 3.16 1998 mod pga dette feste var avrusta på toppen. Etter dette festet var fiksa og montert på att fekk eg ikkje motoren til å gå slik den skal. Start motoren går og motoren startar ei lita stund, men om eg ikkje gir gass stoppar motoren med ein gong. Motoren vil ikkje gå i det heile tatt på lave turtal. Det kan høyrest ut som om motoren vert kvelt. Det luktar og litt rart av eksosen når dette skjer.
Motoren var i god stand før eg skifta festet.
Er det nokon her som har peiling på kva som er gale?
Eg er ny innan for det meste som heiter bil og BMW