På tide å svare på dette innlegget frå 2011, kanskje?
Ulsteinvik, ja - no delvis Molde. Prøver å legge ut eit ferskt bilde tatt etter polering og Inspeksjon II - så bilen blir tatt godt vare på. Faktisk over seks år sidan eg kjøpte den av han som kjøpte den av deg...
Fjørene treng eg nok ikkje. Bilen er ikkje så ekstremt senka som den var, eg gjekk tilbake til original M-senking for å gjere bilen litt meir praktisk til familiebruk då eine fjøra "gjekk i oppløysing".
Seinare i dag håpar eg forresten å få til ein tur til Bud på det store BMW-treffet.