Hei. Første post på dette forumet, men mange års lesning. Håper å kunne bidra fremover.
Hadde ein fenomenal opplevelse i dag med min F11 530d, som eg har bytta ut min forrige E61 525d med. Eg kørde elegant inn til ny pers på strekningen Stavanger - Oslo over Sirdalen/Suleskar, ein strekning eg har tilbakelagt jamnleg i snart 20 år. Det beste var at eg køyrde mutters åleine, ingen bikkje, kone og barn. Kun meg selv og høg, gitarbasert musikk på stereoanlegget (HiFi Pro). I klatrepartiene ved Dalen i Telemark fekk bil og sjåfør kjørt/trent seg ganske bra og Yokohama S-Drive dekka sat meget godt. Eg brukte aktivt Sport+, Sport, Normal og Comfort settingene under heile turen, samt gjorde manuelt girskifte ved nedbremsing og inngang til svinger. Slik ein feriedag skal vere...
Eit par spm dukket opp på turen som eg lufter for dette publikummet.
1) Girkasse. Eg har standard 8-tr aut kasse med Adaptive Drive-pakka. Veit nokon om girkassen oppfører seg annleis dersom man vipper girspaken til sport/venstre ELLER velger Sport setting på Dynamic Drive knappene? For meg kjennes dette heilt likt ut, dvs giringen føregår like raskt og ved same turtall. For meg virker det dessutan ulogisk at sjølve girskiftet skal ta lengre tid same hvilken innstilling man har (comfort, normal, sport osv) og det som endres er tidspunkt/turtall for giring.
2) Forskjell på Sportsautomat og Standard kasse. Eg observerer stor usikkerhet og lite fakta når eg googler dette
temaet. Oppsummert skjøner eg at forskjellen er girhendler, girspak og software men at den fysiske girkassen er lik. Eg les i spesifikasjoner at aksellerasjon, toppfart og CO2-utslepp er same med desse to girkassene. Eg tviler difor på at girskiftene er raskere på sportsautomat, men lurer på dette. Er det andre forskjeller som adaptive egenskaper eller ulike turtall for giring, eller kan det f.eks vere større eller mindre forskjell mellom innstilingene normal og sport? Begge kassene har for øvrig Sport og Normal setting. Dersom nokon har opplevd ein forskjell ville det vore interessant å høyre om dette.
3) Kva er greia med BMW Online og BMW Internet? Er det nokon som bruker dette til noko nyttig? Eg skjøner man må registrere ein konto og motta påloggingsinformasjon for BMW Online, hvilket eg ikkje har. På BMW Internet får eg også "Homepage not available". Irriterande nok, men eg ser vanskeleg for meg at desse tenestene blir nyttige for min del, men det hadde vore artig å teste ut just for the hell of it.
Jens