Hei godtfolk.
Hadde ei kjedelig erfaring med eit verksted her i byen (Bergen) der dei klarte å skifte hjullager på feil side. Mekaniker står på sitt og nekter å ordne opp.
Står no med eit tilsynelatande ok hjullager som eg vurderer å bytte med det defekte. Er fullt klar over at det ikkje er noko god løysning sidan det då vil gå motsatt veg, men det kan no fungere godt i alt frå mnd til fleire år.
Eg har verken verktøy eller garasje her i Bergen, så dette vil eg uansett trenge hjelp til å utføre. Eller kanskje nokon her i Bergen kan anbefale eit veksted/hobbymekker som gjer dette for en billig penge?
Bmw 6serie!