Sending av mail med f.eks navigasjonsadresser fungerar kjempefint via www.bmw-connecteddrive.no og undermenyen "my services". Men dette er litt tungvint med tanke på pålogging. Eg kunne hatt fordel av at kollegaer kunne sende meg slike meldingar som dukkar opp i messages-menyen på bilen. Eg kan jo gi dei påloggingsdetaljane mine i ConnectedDrive, men det hadde vore mykje enklare om dei berre kunne sendt ein heilt vanleg mail til bilen min.
Så spørsmålet, korleis får ein tak i denne direkte epostadressa til bilen, slik at desse mailane kan sendast direkte frå Outlook?
\Kai Roger