Veit nokon om det går an å sette inn stålforingar i ei M52 alublokk fra '95? Eg er klar over at det må borast og honast først.
Er slike foringar i det heile tatt mogleg å få kjøpt nokon plass?
Årsaken til at eg spør er pga. det er ei blokk med skade på sylinder 4, og eg kan ikkje bytte blokka siden den er del av eit oppbygningsprosjekt som skal godkjennast av biltilsynet.