Speedy_G Skrevet Januar 7, 2009 Skrevet Januar 7, 2009 Tenkte eg skulle fortella om den verste veka eg har hatt i mitt liv. Var ein dag i Oktovber, da eg var ferdig på jobb skulle til Stavanger med dama, sidan eg hadde eit viktig møte eg måtte på dagen etter. Og kunne ikkje utsette det. Så når eg var ferdig, reiste eg heim for å gjere meg klar til å reise. Klokka gjekk og blei vel 5 før eg fekk ræva i gir og inn i bilen. Kan vel legge til at dette er ein torsdag. Og at eg bur ved Sognefjorden. Så hadde vel ein 7-8 timar foran meg. Delkasko utan leigebil er og vesentleg;) Alt gjekk fint i ca 1 time, da eg begynte å merke at BMW'en mista litt motorkraft av og til. Men det var ikkje plagsomt så eg bagatelliserte det og konsentrerte meg om å køyra. Etter ca ein halv time så begynte problema. Motoren stoppa og der stod eg og dama. Lurte på kva F som var gale. Dette skjedde litt utanfor Voss. Og klokka var vel ca halv 8 på kvelden. Gjorde det einaste logiske og ringte etter redningsbil, og etter å ha sendt forbi x antall folk som stoppa for å spørje om det gjekk bra osv. Så kom ingen andre enn Onkel Sivil. Som kom og sjekka ang. førarkort osv. Før dei fant ut at alt var i orden og forsvant like fort som dei kom. (Hendig at dei er der dei ikkje trengs) Etter ei lang ventetid så kom redningsbilen, og spurte kor eg skulle. Og sidan eg måtte vere i Stavanger neste dag, så tenkte eg at Bergen er ein god plass å skaffe seg skyss. Så bergen det blei. På vegen nedover så tenkte eg at eg skulle skaffe meg leigebil, sidan det var det lettaste alternativet. Og fant ut at den beste plassen for det var Flesland. Det var og fordi Jæger er i nærheita der, så kunne sette frå meg bimmeren der. Og slik blei det. Vel framme dog trøytte etter alt slitet, var det å skaffe seg leigebil. Og der begynte problema igjen. Spurte på Europcar om kor mykje det kosta å ha leige bil frå Torsdag kveld til Laurdag morgon. Og dei skulle ha ca 3500 kr. Noko eg følte var vel stivt så eg snudde meg og skulle høyra kor mykje Avis skulle ha. Var litt billegare der, ca 3000 kr. Så der fekk det bli. Men så enkelt kunne det ikkje vera. Sidan eg kun var 20 år og dei ikkje hadde bil inne som eg kunne leige, så måtte det bli Europcar. Der sa eg at eg ville leige ein bil. Ja, det skulle han fikse. Mens han spurte om eg var 20. Etter ca 5 min så sa han at han ikkje hadde bil til meg sidan dei hadde reglar på at ein måtte vera 21 for å leiga. Vel sur, sinna, frustrert og ein del anna så måtte eg og dama gå i tenkeboksen. Sidan klokka var då blitt halv 11 på kvelden, og håpet om å komme seg til Stavanger virka lite sannsynleg. Det gjekk ikkje fly før dagen etter og det var for seint for buss, og gode råd virka dyre. Men heldigvis så kjenner dama nokon i Haugesund, som kunne hente oss på Sandvikvåg og køyre oss til Aksdal, der broren hennar skulle hente oss og køyre oss til Stavanger. Minuset var då at det måtte bli taxi frå flesland til Halhjem. Og slik blei det. 900 kr i taxi. Første av mange utgifter. Vel på ferja så gjekk eg inn på wapen og sjekka kva alderen var for å leige bil hos Europcar. Som forøvrig står at der 19 år i Norge. Då blei det mange følelsar, stygge gloser og forbannelser over han hos Europcar var mange og høge. Me kom oss til Stavanger i tide, og fekk gjort det me skulle. Så gjekk tankane over på bimmeren som var sjuk og stod på Jæger. Einaste og beste alternativet var då leigebil. Så inn på internett det gjekk for å reserve ein bil hos Avis. Som det var inget problem med. Kosta vel 3500 for å ha den i 3 dager, grunnen til den høge prisen var at eg skulle levere den på Flesland. Ut på Sola for å hente den og var inget problem Tok til og med superforsikring på den (125kr dagen ekstra). Var dama som insisterte på det. Fekk faktisk leiga ein heilt ny Hundai I30, køyrt 80 km før eg fekk den i mine hender. Bilen var faktisk ganske bra, diesel seff. Men ikkje ubehageleg støynivå av den som det pleier av utleige bilar. Så på mandags morning begynte turen tilbake til Bergen og bimmeren. Vel framme, så reiste eg opp til Jæger for å prøve å få den på verksted. Noko som skulle vere lettare sagt enn gjort. Dei hadde ikkje time til meg på nokre dagar. Men sa det at dei skulle prøve å få sett på den ved eventuelle avbestillingar. Litt skuffa så reiste eg og dama inn til Bergen for å slå ihjel litt tid. Seinare på dagen så ringte eg til Jæger og spurte om det var noko nytt. Sjølvsagt var det ikkje det. Prøvde å forklare at eg ikkje hadde moglegheit til å sette frå meg bilen der og at eg måtte på jobb på tysdagen. Men dette hjalp lite eller ingenting. Då eg spurte om når dei hadde tid, så sa dei at dei ikkje hadde time før 16. Desember Han som hadde køyrd oss ned til Bergen sa at det kunne vere bensinpumpa som var gåen. Så eg kom eg på at GS Bildeler hadde nettopp opna eit nytt utsalg litt lengre nedi høgget. Turen gikk ditt og spurte kva prisen var på ei bensinpumpe. Svaret var at den kosta ca 4000 kr. Men sidan det ikkje var sikkert at det var det, så tok eg ikkje sjansen på det. Tida gjekk og klokka var snart halv 5. Da tanken kom til at eg skulle prøve å finne eit anna verksted. Spurte på GS Bildeler om dei viste om noko bra verksted. Og fekk anbefalt Sandven Service. Så eg ringte dei og spurte om dei hadde time neste dag. Og det hadde dei. Ting begynte å sjå lysare ut og at det ordna seg. Etter litt leiting fant eg ut kor det var og spurte ein kompis om han kunne taue meg dit neste dag. Og det var ikkje noko problem. Sidan me no var leie av problem så tok me inn på hotell for natta og måtte i tillegg utvide tida på leigebilen med ein dag. Det kosta 1000 kr ekstra. Men må man så må man. Med ein kveld som innebar avslappning og pizza på hotellrommet var alt klart for å få fiksa bilen neste dag. Avgårde gjekk det og fekk satt den på verksted. Og fekk beskjed om at dei skulle feilsøke og prøve å finne ut av det. Tok dei vel ca 1-2 timar før dei ringte meg og sa at dei hadde prøvd å starte bilen, men at den ikkje ville starte. Så dei trudde at det var tenningslåsen som var gåen. Og startsperra var slått inn. Og dei gjekk i gang å sa at dei måtte bestille ny, og at det tok 2-3 dager før dei fekk delene. Irritert og sliten så sa eg at dei fekk gjere det. 10 min etterpå så ringte dei og sa at dei hadde prøvd ein gang til og at motoren starta. Då hadde dei kommet fram til at det var ikkje startsperra og alt det, men at det heller var bensinpumpa. Glad og litt redd for at dei ikkje hadde det på lager, men måtte spørre. Har aldri vore så glad for å høyre at dei hadde det. Men det kom til å koste rundt 5000 kr å få bytta det, og at dei ikkje kom til å få den ferdig den dagen. Blei litt deppa av den meldingen før eg sa at eg ikkje budde i Bergen og at eg måtte heim den dagen, så kom dei fram til at dei skulle gjere det dei kunne. Og på magisk vis så fekk eg bilen den dagen. Det var den beste beskjeden eg hadde fått sidan torsdag. Letta og glad så gjekk me å vassa rundt i Bergen for å slå ihjel tida. Klokka blei slagen og bilen betalt og henta. Leige bilen blei levert inn og ting såg ut til å bli ordna. Når eg skulle reise heim, så fekk eg beskjed om at fjellet var stengt og at eg måtte køyre rundt for å komme heim. Dette var beskjeden ifrå 177. Han som eg snakka med sa at han håpa at eg ikkje køyrde over fjellet om eg kunne unngå det. Og at det var ikkje meldt om noko spesielt på Romarheimen. Litt småirritert over det. Sidan det tok 2 timar ekstra, men ingenting kunne øydelegga gleden av å ha bimmeren i form igjen Me diskuterte om korleis denne helga hadde vore og var glade for at alt var fiksa. Sjølv om det var brukt altfor mykje pengar. Ting såg lyst ut og turen gjekk fint. I ca 1 time, då kom me til Romarheimen. Der møtte me ein mann i ein Audi som hadde køyrd på ein hjort. Me stoppa for å spør om det gjekk bra, før me køyrde vidare. På veg opp fjellet begynte det å snø og sludde. Føret nærma seg 0 grader og eg køyrde forsiktig. Sidan eg hadde sommardekk. Vel oppå fjellet så gjekk det fint. Det var på vegen nedover at det skar seg. Ut av det blå fekk bilen sleng og alt gjekk rundt. Da ein fjellvegg plutseleg bestemte seg for å stoppe snurringa. Vel småsjokka, kom me oss uskadd ifrå det. Men bilen var ikkje køyrbar. Bilen bak stoppa for å sjekke til oss, og spurte om me trengte noke. Neida, det gjekk bra med oss. Men bilen var det verre med. Så då var tida inne til å ringe til forsikringsselskapet og skaffe redningsbil. Dei sa at dei skulle sende ut nokon. Dei som stoppa lurte på om dei skulle vente til redningsbilen kom. Men sidan eg ikkje såg dette som noko problem, så sa eg at han kunne berre køyre. Men skaffa meg namn og nr først, i tilfellet forsikringsselskapet ville ha vitner på noko. Ringte og Onkel Blå for å gi beskjed. Minutta gjekk og det blei kaldare. Var vel 1 grad, snødde og sludda. Etter 1 time og 20 min så hadde det tatt så lang tid og det var blitt kaldt som f*** så ringte eg forsikringsselskapet for å høyre kor det blei av redningsbilen. Då sa han at dei ikkje hadde sendt ut nokon. Hadde visst skjedd ein misforståelse i deira system. Og han skulle sette oss opp som haste sak. Etter å ha lagt på var det igjen påtide med mange stygge glosar og forbanning av alt mellom himmel og jord pluss litt til. To be continued
osjaavik Skrevet Januar 7, 2009 Skrevet Januar 7, 2009 Aldri hørt om noen som har hatt så mye uflaks på så kort tid :/
Simpel Skrevet Januar 7, 2009 Skrevet Januar 7, 2009 En ulykke kommer sjelden alene sies det. Det kan vel du skrive under på. Lykke til videre!
Speedy_G Skrevet Januar 7, 2009 Forfatter Skrevet Januar 7, 2009 Etter å ha venta i 1 time og 40 min, så kom endeleg redningsbilen. Problemet der var at han kun hadde plass til 1 framme i bilen, og at ein måtte vere i bimmeren. Som den gentleman eg er, så sa eg at dama skulle sitte i den varme redningbilen. Ho protesterte, men overtalte ho med at eg hadde tepper. Det var jo ikkje så langt til nærmaste verksted. ca 40 min. Så var ikkje så lenge det. Men, er alltid eit men. Det var arbeid i den eine tunnelen, så det var 2 timar vente tid. Og tida gjekk sakte. Det var kaldt og irriterande, men skulle ikkje klage til dama, sidan eg ikkje ville at ho skulle ha dårleg samvittigheit. Minuttar virka som timar, men begynte no endeleg å køyra. Hadde ringt til tanta mi, som bur i Knarvik og skulle få lov til å vere der. Merk at dette er 2 på natta. Vel framme i Knarvik. Så satte me bilen av og han køyrde oss til legevakta. Og der var det ikkje noko gale med oss, bortsett ifrå lite blåmerke og ei litt vond skulder. Så kom tanta mi og henta oss, og aldri har eg vore så sliten. Hadde problemer med å sove, men sovna til slutt. Neste dag så bar det avgårde for å sjå på skaden på bilen. Og det var ikkje bra Ringte heim og pappen sa at han skulle komme å hente oss. Det måtte bli neste dag sidan det var dårleg vær og han måtte skaffe bilhengar. Så neste dag det blei. Turen heimatt blei heldigvis uten større vanskelegheitar. Men med tom bankkonto og ein bimmer som var hardt skada. Slenger med noko bilder frå dagen etter det skjedde.
oddis Skrevet Januar 7, 2009 Skrevet Januar 7, 2009 Huff! Høres ut som standard snøball-problem dette: Dårlig tid, stress, uforutsette feil, elendige veier og bedritne leiebilselskap. Velkommen til høykostlandet Norge Man får seg en skikkelig 'blåmandag' da man våkner opp hjemme dagen derpå, med tom bankonto og ingen fungerende bil.
Speedy_G Skrevet Januar 7, 2009 Forfatter Skrevet Januar 7, 2009 Kan legge til at eg kun hadde hatt bilen i ca 1 halvt år. Når eg var inne og leverte leigebilen, så tenkte eg at eg skulle spør dei som var der i Europcar om kva aldersgrensa var for å leige bil. Då svarte ho at dei ikkje hadde noko aldersgrense, gjekk fint så lenge ein hadde hatt førarkort i meir enn 2 år Hadde forresten eit lite lyspunkt inni alle problema. Det var superforsikringen eg hadde på leigebilen. Fekk steinsprut på ruta, men takka vere forsikringa så måtte eg ikkje betale noko. Uten den måtte eg ha punga ut med 1200 kr. PS: Beklager viss det er skriveleifar i det og det blei visst litt lengste laget. Seint på kveld:P
Ingebrigtsen Skrevet Januar 7, 2009 Skrevet Januar 7, 2009 Uff for en historie... Kjenner jeg får skikkelig medfølelse når jeg leser hele historien.. Men endelig godt det gikk bra med dere da
wabby Skrevet Januar 7, 2009 Skrevet Januar 7, 2009 Stygg skade det der ja :S Men bra at det har gått fint med dere. Kan ikke si at du har hatt en god start inn i 2009 :S
S.Hafsmo Skrevet Januar 7, 2009 Skrevet Januar 7, 2009 fy faen. det der er det værste jeg har hørt! makan til uflaks tror jeg ikke jeg har vært borti. og alt pga en streikende bensinpumpe? hvordan går det med bilen da? får du den dekt på kasko eller?
Speedy_G Skrevet Januar 7, 2009 Forfatter Skrevet Januar 7, 2009 Nja, 2009 har ikkje begynt så gale:) Var vel heller 2008 som var kneiken. Men er ihvertfall ganske mange erfaringar rikare. Og enda noken kroner fattigare. Og mindre skal det bli, da eg skal prøve å få den i stand igjen:D Bimmeren er ikkje gitt opp endå
Speedy_G Skrevet Januar 7, 2009 Forfatter Skrevet Januar 7, 2009 fy faen. det der er det værste jeg har hørt! makan til uflaks tror jeg ikke jeg har vært borti. og alt pga en streikende bensinpumpe?hvordan går det med bilen da? får du den dekt på kasko eller? Hadde ikkje kasko. Da dette hadde ikkje lønna seg for meg i det lange løp. Kosta for mykje å ha det. Betaler berre 6500 kr i delkasko. Og forsikringsselskapet hadde nok skyldt det på meg, sidan bakdekka ikkje var av særleg standard. Skulle bytte dei etter denne sesongen. Men nå blir det vel nye felgar. Blant anna. Håper berre på at det ikkje er noko rammeskeivt
Speedy_G Skrevet Januar 7, 2009 Forfatter Skrevet Januar 7, 2009 Kan forresten legge til ein ting. Har hatt problemer med den bimmeren før. Då var det i sommar, var på veg til Stavanger da og, skulle til dama pga dødsfall i familien. Da fekk eg problemer med bilen midt i den eine undervannstunnelen :/ Då var klokka 2 på natta og der stod eg. Ringte etter redningsbil og kom meg til Haugesund. Satte den da på Bavaria i Haugesund og fekk meg leigebil dagen etter. Den var ikkje noko å skryte av. Toyota Yaris som bråkte like mykje som ein gamal traktor, men gjekk då hakket betre. Må skryte litt av Bavaria Haugesund, da eg fekk time og fiksa den på dagen:D
Azeton Skrevet Januar 7, 2009 Skrevet Januar 7, 2009 slitte sommerdekk, sludd og snø. Det er ingen god kombinasjon! Du får ha lykke til med repareringen da..
marararius Skrevet Januar 7, 2009 Skrevet Januar 7, 2009 Hatt bra med uflaks ja.. Huff.. Synd med bilen, men kunne vært værre
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå