Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Skrevet

Hei

Her ein dag skulle eg bytte ut festet som held eksospotta på min BMW 3.16 1998 mod pga dette feste var avrusta på toppen. Etter dette festet var fiksa og montert på att fekk eg ikkje motoren til å gå slik den skal. Start motoren går og motoren startar ei lita stund, men om eg ikkje gir gass stoppar motoren med ein gong. Motoren vil ikkje gå i det heile tatt på lave turtal. Det kan høyrest ut som om motoren vert kvelt. Det luktar og litt rart av eksosen når dette skjer.

Motoren var i god stand før eg skifta festet.

Er det nokon her som har peiling på kva som er gale?

Eg er ny innan for det meste som heiter bil og BMW :)

Skrevet

:happybday: Velkommen til Bimmer

Vil gjøre deg oppmerksom på at du har en søkefunksjon til venstre på skjermbildet ditt som er kjekk å bruke for å lese mere om emnet enn hva du får ut her i tråden din.

Antar at du har vært borti lamdasonden din mens du holdt på under bilen.

Du kan se etter ledningsbrudd eller hvis det er en skrukontakt kanskje den har løsnet?

i tilfellet du er usikker så er lamdasonden en duppeditt med noen ledninger på som stikker ut av eksosanlegget rett før katalysator.

Lamda er del nr 22 og du kan sjekke kobling ved del nr 23 på bildet

http://static.bmwfans.info/images/epc/MTI4MDM2X3A=.png

Skrevet

Takk for det!

Det kan stemme at det er denne lamdasonden ja. Når eg tenker meg om så prøvde eg å starte motoren uten dette festet, noko som kan ha gjort at eg har øydelagt det. Eksosanlegget er gammalt så da er vel kanskje lamdasonden moden for utskiftning? Er det mykje styr å skifte dette?

Skrevet

No har eg tatt ut lamdasonda og vaska den, utan noko forbetring. Eg reknar med eg treng ei ny ei. Er dette ein del som er standar på fleire bilar eller BMWar, eller er det ei eiga sonde for akkurat denne type bil? Kan eg feks kjøpe ei hos ein hoggar i frå ein eldre modell?

Skrevet

Hmm.... No har eg forhøyrt meg litt omkring med forskjellig folk, og har komt fram til at det mest sannsynleg må vere noko anna enn lambdaen som er problemet fordi det ikkje viser noko feilmelding på bilen og den går ikkje i det heile tatt på tomgang. Eg vart tipsa om at det mest sannsyneleg var katalysator som var tett eller gåen, derfor kobla eg av greinrøyra etter manifold for å sjå om bilen gjekk på tomgang med fri eksos. Det skjedde akkurat det same med bilen då. Den stoppar med ein gong eg slepp gassen. Motoren skal vel gå sjølv om det er fri eksos rett ut i frå manifold?

Kan det vere noko med gassen som er gale? Er det nokon vaier eg må sjekke eller liknande?

Eller kan det vere luftsensor eller inntak? Filteret er ganske nytt.

Skrevet

Når eksosen går ut før lamda så har du fortsatt samme problem som gåen lamda.

Nemlig at lamda ikke greier å analysere blandingsforholdet i eksosen i forhold til luftmengdemåler.

Luft måles inn til motor og samme lufta måles ut fra motor og justeres deretter.

Skrevet

Sjekk innsugbelgen om den er maks morken. Sikkert ikke den, for pleier å bare fjuske på tomgang/daue vist den er sprekt.

Men verdt en sjekk

Skrevet
Når eksosen går ut før lamda så har du fortsatt samme problem som gåen lamda.

Nemlig at lamda ikke greier å analysere blandingsforholdet i eksosen i forhold til luftmengdemåler.

Luft måles inn til motor og samme lufta måles ut fra motor og justeres deretter.

Takk for svar!

Så motoren kan ikkje gå på tomang utan lambda?

Og eg skal vel få feilmelding om det er lambdaen?

Skrevet

Da har eg målt lamdasonda med voltmeter. Eg sette plusspolen på voltmeteret i den svarte ledninga på lambdaen og minuspolen på dekselet på utsida av lambdaen. Deretter varma eg sonda opp med propanbrennar. Den genererte 0,8-0,9 V.

Kan det fortsatt vere lambdaen som er problemet?

  • 2 weeks later...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...