Eg har sjølv ein 1989 mod 520 12v og eg skal innrømme at eg angrer ein del på at eg kjøpte ein 12v. Den bruke sjukt mykje bensin i forhold til kva motoren levere
Bilan har jo gått ein del, og overhaling for 24 k er ikkje spes mykje vist det er gjort på verkstad (men vist det er for motordeler, vil eg tru at det er gjort ein god del).
Motormessig har desse bilane problem med toppane (du kan sjå på nesten alle BMW-er med M20 motoren på internett at dei har bytta toppakning, kamaksling osb.
Men utover det er det greie motora, og forholdsvis enkle å skru på. Litt dom plasering av div ting som blir sett på som forbruksdeler.
Rustmessig skal du sjå heilt nede på bilen og bakover. Hjerne i hjulbuer og under lista heilt nederst på døra. Der er det vanleg med rust. Også rundt bliknlyshola på sida av bilen.
Pleie også å ha problem med rusta skivebremser bak, men dette er jo bagateller.
Rundt tanklokket er også ein plass du skal vere obs på.
Interiøret er det vel ikkje så mykje å sette fingrane på, untatt vist det er stoff, da blir ofte førersetet fort slitt. Sjekk også dørhengsler for stor slitasje (dette kan du prute på).
Hanskerommet på E34 har det vore litt problem med. "Hengslane" vil ikkje henge skikkeleg. Men dette er jo også bagateller.
Vibrasjonar som oppstår rundt 90 - 120 er også eit problem hos desse bilane, som kan vise seg å verre enn det der ser ut som, så vist den har det, er det prutingsmoment.
Bilen ser bra ut den, men er gått litt langt synest eg. Sikkert mange deler på drivlinja, som er slitt og andre oppheng og saker og ting. Men det er jo berre å skifte sjølv vist du kan skru litt. Men det seie jo seg sjølv at du må skru litt når du kjøper ein gammal bil. Vist du ikkje like å skru, kjøp deg ein ny bil.
Sikkert prutingsmoment: Eg VISTE at BMW E34 M20 motorene som har gått over 200 000 av og til kan lyse på oljelampa etter at du har kjøyrt dei litt hardt og stopper opp (funker enda betre når det nærmer seg oljeskift). Dette gjorde eg da når eg var å prøvekjøyrte bilen som eg har den dag i dag, og det gjorde den sef Og dermed fekk eg pruta ned bilen 5000. Men når eg kom heim igjen, viste det seg at bilen hadde utslitt kamaksel, så dei pengane forsvant igjen ganske fort!
Eg ville nok ikkje gitt meir enn 25 000 for den der. Får f.eks 530 til samme prisen som har gått like langt.
EDIT: Eg betaler 7500 med delkasko. 12 000 km. 20 år.