Er ikkje 100% sikker på korleis det er, men på parkeringsplass har enten alle vikeplikt for kvarandre, eller så gjeld vanleg høgreregel.
I det første tilfellet: sidan du stod i ro kan du jo ikkje gjere meir, og crv'en vil etter mi meining ha vikeplikt. Dersom det gjeld høgreregel er det ikkje tvil! Uansett vil eg tru at du ikkje kan lastast for dette...
Dette betingar sjølvsagt at det skjedde inne på ein parkeringsplass, ikkje at du køyrde frå ein parkeringsplass og ut på ein offentleg veg.