-
Innholdsteller
238 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Artikler
Forum
Galleri
Blogger
Kalender
Alt skrevet av justemann
-
Ja, det er akkurat det som er med denne type bilar, nokon tykkjer dei er verd si vekt i gull medan andre ikkje. Men dersom du skal selga ein 635CSi for over 200 høvdingar får du kvass konkurranse, blant anna frå M635CSi. Ein "vanleg" E24 i denne prisklassa bør vera rimeleg strøken.
-
Dette var ein flott bil! Dersom det er lite rust på bilen, og han er i elles god stand med dokumentert vedlikehald, trur eg ikkje 100 000,- er noko upris for denne bilen. E24 er vel ein såpass spesiell bil at det er eit avgrensa marked for desse, såleis kan det vera eit tidkrevjande prosjekt å selja ein E24 til "rett pris". Men tålmod løner seg som regel i staden for å dumpe prisen for å kvitte seg med bilen, det merka i alle høve eg når eg selde min E24 etter lang tid på nettet.
-
Vil ein uoriginal fremre støtfanger frå Koed berekna på Facelift-bilar vera "bolt on" på min 96 523ia preface? Og er den generelle passforma ok?
-
Eg hadde ikkje dette problemet på mine facelift Hella lykter. Er det den for å justere høgden frå dashboard du tenkjer på? Eller er det dei manuelle på sjølve lykta? På mine lykter var alt dette plug and play, sett bort frå dei adaptera du nevnte.
-
Det var snart gjort. Godt det ordna seg!
-
Link til transistor: http://cgi.ebay.com/BTS426L1-BTS-426-L1 ... 35a8e463e9
-
Det kan vel vera transistor problem sjølv om det ikkje berre er høgre lys som heng seg opp? Eg forstod det slik at det kunne likeså godt vera slik at begge lys hang seg opp. Men nå har det jo hendt at eg har teke feil før, men uansett er det billig å prøve seg fram her. Rett i overkant av 7£ (+frakt) fattigare og 3 dagar seinare fekk eg min transistor i posten.
-
Eg har same problem med min radio. Etter eit søk her på forumet fann eg ut at dette var relativt vanleg, og vanskeleg let seg fikse (?) utan å byte heile uniten. Men heldigvis finns ein "quick-fix".... Dersom du let innstillinga til både balance og fader vera litt "skeiv", altså at det er litt meir lyd anten på venstre eller høgre sida, og litt meir lyd anten framme eller bak så slepp du å stille alt på nytt kvar gong du set på tenninga.....
-
Mange takk, mange takk Just Kossen likte du lyden? rekna me da va grei klang når eg passerte deg i hodlondsdalen Blir snart Greenfilter og Jo da va lite å utsetta på klangen! Kjente da kitla litt i veksleskrinet når du seig forbi...... Men gamlo så satt på med meg va ikkje lika begeistra.... Ho meinte at da måtte vera nåke gale med den bilen der....
-
Ei grom vogn Bjarne!
-
Trur nokk vis selger hadde vist at biln var kjørt 320000km kontra 173000km,så hadde han nok fjærnet di papiran som lå ibiln....eller sagt som det er at biln har fått skifta speedometer. Eg trur nok du misforsto meg litt. Eg tvilar ikkje på at både du og forrige eigar var uvitande om reell km.stand, men i ei eventuell tvist vil noværande kjøpar kanskje hevda at det er rimeleg at dette var informasjon du burde visst om, og såleis vore plikta å opplyse om. Dersom eit eventuelt forbrukartvistutval, eller til sjuande og sist ein rett, også finn at dette er informasjon du burde ha visst om og såleis vore plikta å opplyst kjøpar om.... Ja... Då har du brote opplysingsplikta ovanfor kjøpar. Men det er jo på grunnlag av slike tvistar me har forbrukartvistutval og liknande. Dersom det ikkje finns personar her inne med kompetanse på området, vert jo meiningsytringar/tolkingar frå lekfolk, meg inkludert, av "synsande" art. Eg rår deg til å kontakta forbrukarombudet, eller eventuelt NAF (der får du vel gratis juridisk hjelp om du er medlem?). Det er likeså greit å hente informasjon "from the horses mouth", då det er mi oppfatning at det finns mange misoppfatningar omkring dette med kjøp og sal av bil. Då det her eg snakk om ein relativt billig bil kan det jo òg henda at kjøpar ikkje finn det bryet verdt å føre saka vidare, spesielt med tanke på at bruksverdien på bilen ikkje nødvendigvis vert lågare på ein 525tds som er kjørt 320 000km kontra ein som er kjørt 177 000 km......
-
Kunne jaggu ikke sagt det bedre selv, like så greit å bare fortelle alle feil med en gang og ta det derfra, istede for å skjule det og få en sint tlf to måneder etterpå. Nye eier finner det nok ut uansett før eller senere:) Då kjem jo det store spørsmålet; sjølv om selgar i dette tilfellet har seld bilen med rein samvit, har han opplyst kjøpar om den informasjonen han satt på? (Jmf dokumentert reell km.stand i dokument som fulgte bilen) Dersom du skal kjøpa ein bil, er det ikkje då rimeleg å forventa at selgaren har sett seg inn i den dokumentasjonen som føl bilen? Dette er jo óg noko selgar bør ta opp med vedkomande han kjøpte bilen av, dersom det ikkje vart opplyst om reell km.stand frå hans/hennar side heller.
-
Det er vesentleg for denne saka om det føreligg ein mangel, jamfør kapittel 4 i kjøpslova. Vidare vert §19-1 om ting "solgt som den er" særskild interessant; § 19. Ting solgt « som den er ». Auksjonssalg. (1) Selv om tingen er solgt « som den er » eller med liknende alminnelig forbehold, foreligger mangel når (a) tingen ikke svarer til opplysninger som selgeren har gitt om tingen, dens egenskaper eller bruk og som kan antas å ha innvirket på kjøpet, ( selgeren ved kjøpet har forsømt å gi opplysning om vesentlige forhold ved tingen eller dens bruk som han måtte kjenne til og som kjøperen hadde grunn til å rekne med å få, såframt unnlatelsen kan antas å ha innvirket på kjøpet, eller © tingen er i vesentlig dårligere stand enn kjøperen hadde grunn til å rekne med etter kjøpesummens størrelse og forholdene ellers. Spørsmålet vert altså om differansen på kjørte km i denne saka vil verta rekna som ein mangel. Det er kanskje ikkje usannsynleg då den reelle km.standen viser seg å vera nær dobbel så høg som den "annonserte". han har vist funne i en av papiran som fulgte med biln.at det er skifta speedometer på biln. og det nye er kjørt i dag ca 183000km etter skift. Dersom opplysingar om bilens reelle km.stand er å finne i dokument som vart seld med bilen, vil nok mange hevde at dette er noko selgar måtte ha kjent til ved overtakingstidspunktet, jmf §19-1b.
-
Årsaka til at kjøpslova verka å ikkje vera spesielt godt tilpassa kjøp og sal av bruktbil, er at den ikkje er det. Lova er generelt utforma og gjeld kjøp og sal mellom private, om det er snakk om ein dokost eller ein bil. Dersom du etter å ha lese lova framleis slit med nattesøvnen, kan det jo vera greitt å ta kontakt med forbrukarrådet, dei har som regel god greie på slike ting som dette.
-
http://lovdata.no/cgi-wift/wiftldles?do ... ml&emne=kjøpslov*& (kjøpsloven) Eg kan anbefale deg å lese gjennom kjøpslova eg har linka til over, det er denne som gjeld for sal og kjøp mellom privatpersonar. Det tek ikkje lang tid å lesa lova, og det er nyttig kunnskap for alle som skal selja eller kjøpa bil. Essensen i denne lova er at om seljar har opptredd i god tru, altså at seljar har spelt med opne kort, er det kjøpar som overtek risikoen for tingen etter overtaking. Korleis den rettslege framgongsmåten vil vera i dette tilfellet, når ein må gå fleire "ledd" attende for å finna glippen/lovbrotet (seljaren som haldt attende opplysingar om km.stand), er eg usikker på, men dersom du har overholdt di opplysingsplikt trur eg du har lite å misse nattesøvnen din over.
-
Ja... Sjå der du! Takk for hjelpa, nå er det berre å vente på pakke i posten!
-
Det var jo ikkje alt for lenge med 5-6 dagar! Det ser ut for at eg må prøva sjølv ja. Slik det ser ut på bilete er det to like transistorar attmed einannan, er det den venstre av desse som er syndaren?
-
Det er høgre fjernlys som er syndaren ja, så det kan sjå ut som det er det same problemet. Transistoren er bestilt as we speak frå ebay, er reknar med frå same stad som deg? Kor lang tid tok det før du fekk han i posten?? Takk for god hjelp!
-
Då eg skulle skifte pære på eine fjernlyset på min 1996 523iA i dag, oppdaga eg at det lyste konstant når eg sette pæra i, til og med når tenninga var av og nøklane i lomma..... Har nokon vore borti dette før??
-
http://lovdata.no/cgi-wift/wiftldles?do ... ml&emne=kjøpslov*& Interessant og nyttig lesestoff for alle som skal selga eller kjøpa bil hjå privatpersonar. Kunnskap om gjeldande lovar og reglar gir deg ein tryggleik både som selgar og kjøpar!
-
Igjen.... Les kjøpslova, det tek ikkje lang tid og den er relativt lettfatteleg. Det er du sjølv som veit best kva du har informert kjøpar om og ikkje, og det er dette som kan verta avgjerande. Då har du samstundes noko å referera til i din kommunikasjon med kjøpar, noko du sjølv har lese svart på kvitt. Tatt i betraktning at dette er ein scooter til 10 000 kr er det som Hyggmaister seier; kjøpar kan ikkje forventa gull og grøne skogar. Dersom du ikkje vil lese heile kjøpslova bør du i alle høve lesa §30 og §39 som Obali nemner. Det beste rådet mitt er å lese kjøpslova. Då får du atter ein gong sove godt!!
-
Som urgem3 er inne på...... Les kjøpslova, det er den som gjeld i ditt tilfelle. http://www.lovdata.no/all/nl-19880513-027.html Dersom du har spelt med opne kort (opplyst om forhold rundt "tingen" som kan oppfattast som ein mangel), har du ikkje mykje å uroe deg over. Når du kjøper ein brukt scooter til 10 000 (?) kroner er risikoen for at ting som dette kan skje noko ein må leve med. Men eg oppmodar deg til å lese kjøpslova, det tek ikkje særleg lang tid og er nyttig kunnskap ifbm framtidige kjøp og salg.
-
Glitrande!! Då får eg satse på at det vert telefonering i nær framtid! Takk for svar!
-
Ok, takk for svar. Det skal altså vera ein kortlesar i bagasjerommet i tillegg til den under telefonen inne i bilen?
-
Eg får ikkje telefonen i bilen min til å fungera (96 523ia). Eg har fått eit tvillingsim, men når eg puttar det i haldaren står det berre "kontroll sim" på telefonen, same kva for veg eg puttar kortet inn. Er det ein prosedyre som må fylgjast før/etter at eg har putta inn kortet? Eller skal det berre vera å plug and play?