Litt helge-nytt:
Fekk endelig riktige bakhjulslager, og montert på M3 navet bak. Lager fra e36 325i satt som eit skudd, mykje billegare ein e30 M3 lager, så takkar Leif Harald for godt tips!
Prøve monterste eine felgen for å sjå kor mykje skjermen dekka i orginal utførelse;
Håpte eg skulle klare meg med å kun knekke inn kanten på buen, men skal vel nokke til? Nokken innspel?
Jørgen var med å monterte dører, fram og tilbake med shims, så var dei der. Fann ut at det gjekk an å skru mutteren på hengslene frå innsida av bilen i lukka tilstad, så det gjorde alt så mykje enklare. Greit å få alt tilpassa før lakken kjem på.
Prøvemonterte skjermane, kjekt å sjå litt heilhet etter gammalt.
Døra på høgre sida ser ut til å sprike i overkant når den ellers fluktar nedover. Har høyrt rykte om at dette vistnok kan vere vanleg, og at ein ofte må knekke litt på karmen for å få den inn oppe, nokken erfaringar med dette?