Har eit lite spørsmål ang. D2 coilover's og tilpassing til eksisterande fjørbein; Kjem no til å kappe vekk fjørskålene og slipe vekk den gamle sveisen. Problemet er då at den gjenga justeringshylsa som skal treast over det gamle fjørbeinet ikkje har noko å kvile på. Det er 3 stk. umbrako skruer som ein skal skru til for at hylsa skal holde seg i høgde-possisjon, men kan ikkje forstå at dette skal klare å holde vekta på bilen i framkant. Min tanke er å dreie ei 51mm, smal skål, som eg trer på og sveisar fast i underkant, på denne måten vil gjengehylsa ha anleggspunkt. Nokken som har andre formeiningar eller tips?
Takkar på førehand