Detta er no ikkje ein etterkontroll, dei har no berre sett ein pennestrek over på den gamle kontrollen ( etter det eg kan sjå).
Ta deg ein tur og brems kraftig opp 3-4 gonger så er nok skivene bra, viss det ikkje er rust på innsida?. Bremseklossane er no bortimot nye. Detta er skikkeleg dårleg gjort, må berre beklage på bilbransjens vegner.....Det er ikkje rart at bilbransjen får dårleg rykte når slike verkstader driver slik. Må no berre kommentere NAF, det er no ikkje alltid dei gjer noko god jobb. Kjøpte ein bil på Hamar for eit par år sia og den var godkjent på NAF-stasjonen. Fant no nokon grove feil dei hadde oversett der + nokon mindre bagateller som skulle vore anmerka.....Eg hadde no sendt inn ei klage til Statens veg- og trafikkstasjon. Lykke til.