Hei igjen og takk for mange nyttige svar. Eg er imponert over responsen på dette forumet!
Hvis eg skal prøve å konkludere ut frå svara så utpeikar 16" seg som betre enn 15". Det passar bilen betre sidan det er meir stabilt enn 15, og er så godt som like komfortabelt. Ulempen er prisen som ser ut til å vere ein god del høgare.
Etter å ha lest litt meir grundig i instruksjonsboka (som av ein eller annan grunn er på dansk), så står det at flg er "Frigivne hjul- og dækstørrelser - touring 520i, 523i og 525 tds:
205/65 R 15 94V
225/60 R 15 96 V
225/55 R 16 95 V
235/45 R 17 94 W"
MEN som ein merknad står det:"BMW 523i touring: Dækstørrelse 205/65 R 15 94 V er ikke frigivet." Hvis eg skal følge dette, så er jo 205/65/15-alternativet uansett utelukka. Dette er litt rart, ettersom eg forstår at mange har brukt den størrelsen. Den er jo også innanfor 5% +/- regelen. Kanskje grunnen er at 94 V er for svakt for ein så tung bil.
tbt