Har hatt litt tull med at instrumentet klager over at bremselyset mangler, eller er feil (kein bremslicht). Meldinga kan dukke opp med ei gong eg trykker på bremsen, eller etter ei stund kjøyring, men uansett så pleier meldinga å dukke opp. Når eg ser bak så virker alt heilt normalt. Har lest på nettet at LKM/light control module, kan skapa feil viss den har brente loddinger innvendig. Så eg opna modulen og prøvde å sjekka etter synlige feil. Ca heilt nede til høgre fant eg ein kanskje feil. Veit ikkje om brikka skal ha dei mørke flekkene, men satser på at det er normalt. Etter å ha montert LK-Modulen så var det ingen forandring. Så eg søkte litt rundt på nettet og fant ei god side: http://www.meeknet.co.uk/e32/Index.htm På sida står det om forskjellige feil på E32. bl a, lysreguleringsmotoren på frontlyktene som kan skape signalforstyrring til CCM/check control modulen. Eg kobla lysreguleringa ut og testa bremsen. No kom ikkje anmerkinga i instrumentet opp. Så forhåpentlig så har bremselysanmerkinga forsvunne for godt, eller så var det berre tilfeldig at anmerkinga ikkje dukka opp. Satser på at meldinga har stoppa for godt.
(Oppdatering 05.2013. Skifta Bremselysbryter, og kobla ut lysjustering, da forsvant lysanmerking for godt.)