Då har motoren fått seg ein liten oppdatering. Blei forbanna på den låge tomgangen, så eg bestilte i første omgang: Pakninger bak/for + veivhusventilasjonsventil til Innsugsmanifold. Skifta pakningane og ventilen uten funksjon på tomgangen i da heile For dei som lurte på ka som lure inne innsuget. Bestilte deretter: Veivsensor, kamsensor og gass-spjeld føler. Skifta dei men ingenting forandra seg på tomgang. Veivfølaren var begynt å knekka i ledningen, så da var på tide å byta både kam og veivføler. Begynte på jobb etter ferien og tok ein diagnose på motoren: Kom ingen feil opp. Kjørte fleire testar på motoren, feks. - Såg om oksygensensorane fekk spenning og at den forandra seg - dei fekk 0,50-0,65v stabilt. Etter litt tulling med diagnose-apparatet, såg eg at motoren ikkje var stilt inn på "tomgangsmodus", Motoren hadde skrudd av fleire funksjonar som har med tomgangen å gjera. Funksjonane var noke oksygensensor greier og diverse andre greier som eg ikkje hugse no. Tidligare i livet mitt med bilen så hadde eg funne ein gul dings (Til automatkassa) som såg ut som ein skyvebryter, den låg på sida av girstanga under plata. Eg skubba på brytaren og tomgangen forandra seg - såg instrumentet i dashbordet at bilen stod no på E2 istadenfor EP (E2 = Economy Gir-2) (EP = Economy Gir-Park). Eg fant ut at da var veldig positivt å ha brytaren i E2 pga då kutta bilen drivstoff i nedoverbakker når turtallet var høgare en 1000rpm. Når brytaren stod i EP så kutta ikkje bensinen før over 1500rpm. Så eg juksa til brytaren sånn at bilen kunne starta med å stå i E2. Tomgangen var stabil når eg hadde gir-brytaren på E2 i begynnelsen, men blei verre og verre. Bilen daua i kryss av og til og hadde låge turtall 300-400-500rpm varierande. Tilbake til diagnosen. Eg tok tilbake gir-brytaren til EP og ting begynte å skje med dataen på diagnoseprogrammet. Dei funksjonane som motoren hadde skrudd av hadde starta. Tomgangen gjekk jevnt og fint på 600rpm. Oksygensensorane fekk no 0,20v-1,05v stor variering. Så den låge tomgangen var sjølvforskylt Men fortsatt gjennstår ein ting til med tomgangen. Motoren skjelver og rister spesielt på tomgang, og eg kjenner den rister når eg har turtall viss eg har handa på motoren. Skal demontera innsugsmanifold for å kontrollera falskluft under manifold/pakninger. Viss eg ikkje finn noke feil så skal eg demontera begge toppane og skifta topp-pakning, ventilløftere, kjede og diverse. (da blir leenge til) Men eg satser på at tomgangs feilen ligg i innsugssida på motoren. Motor er ellers i bra stand. Bensinforbruk på ca 0.98l pr mil. Og da med forbikjøyringer, gassing ut av kryss - Var på langkjøyring til oslo/gardermoen. (Kjøyrte ikkje økonomisk)
(Oppdatering 05.2013. Grunn til lavt turtall var delvis pga feil på turtallsmåler, nåla viste nesten 200rpm under normalt.)
Litt bilder på slutten Bilane mine