
dankle
Medlem-
Innholdsteller
14 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Artikler
Forum
Galleri
Blogger
Kalender
Alt skrevet av dankle
-
Selger litt deler frå ein BMW 520i E39 2002-modell: - 1 stk Høgre frontlykt Hella facelift xenon med pærer. Bra stand på glas. Ingen sprekker og justeringspinner intakte. Det var saga ut eit stykke av plasten på toppen av lykta ifbm bytte av justeringspinnane. Delen vart limt på igjen, og lykta er tett og fin, men ikkje så pen på toppen altså. Ikkje inkludert ballast/tenner eller festebrakett til denne. 1200kr. - 2 stk Venstre frontlykt Hella facelift xenon med pærer. Ok stand på glas. Ingen sprekker og justeringspinner intakte. Ikkje inkludert ballast/tenner eller festebrakett til denne. 1000kr - Festebrakett til ballast. 100kr - 4 stk Hella xenon ballaster. 500kr pr. stk. - Spesialverktøy til skifte av "krinkeforinga" i bakstillinga. 1000kr - M-tech LED Angel Eyes. 400kr - Original Business FM/CD-spiller med pyntelist/deksel for CD-spiller. 300kr. - Diverse lyspærer. Orange blinklyspære for frontlykt med pæreholder, 3 stk fjernlys H7-pærer, 1 stk fjernlys pæreholder, 2 stk D2S til H7 adapter. 2 stk D2S Xenonpærer, 1 stk Original Angel Eyes pæreholder med pære. 20kr pr. del. - 7 stk D2S Xenonpærer Osram Xenarc Cool Blue Intense 66240CBI. Ukjent antall timar brukte. 150kr stk. - BMW Scanner 1.40 med CD og USB-kabel. 70kr. - Reimstrammer til multireim. Ubrukt. 200kr - Bærearm framme, ubrukt, usikker på merke og hvilken side. 150kr.
-
Takker for svar 😊👍
-
Har en ‘02 520iA M54B22. Gått 197 000. Automaten er ikkje blitt gjort noko med. Nylig begynte den å oppføre seg merkelig. Når eg skulle sette i gang, hang den igjen litt. Kjentes ut som bremsene var på bak. Seinare på turen, rykka det i bilen eit par ganger. Og det gjentok seg innimellom, men ikkje så mykje heller. Tok eit stopp, og når eg stod i ro og satte den i revers, rykka den eit par ganger. Då tenkte eg det måtte vere noko gale med automatkassa, og ikkje noko med diffen eller andre deler i drivverket. Er det nokon som har opplevd dette? Er kassa gåen? Er det håp?
-
Hei! Er den nokon som har hjulspindel høgre side bak til ein 2002 E39 sedan? Den delen hjullageret og navet står i. Eg veit ikkje om hjulspindel er korrekt begrep, men det er iallefall delen du ser på vedlagt bilde. Bærearmer og slikt trenger eg ikkje. Er ein fordel om hjullager og nav følger med og er i grei stand, men uansett interessant.
-
Hei! Har eit spørsmål om justering av facelift Hella xenonlykter på en 2002 E39 sedan. Eg har bytta justeringsstag og satt lyktene inn. Men eg har ikkje tørt å koble til nivåmotoren. Uten den tilkobla, lyser dei alt for lavt, og peikar muligens i feil retning. Det eg lurer på, er korleis skal dei justerast inn manuelt, og korleis samspelet er med auto-justeringa? Eg ser for meg at motoren vil bli overbelasta om lyktene manuelt er justert heilt vekk. Mulig eg er heilt på jordet her.. Eg har ikkje peiling på lysjustering. Er det nokon her inne som har vore bort i dette?
-
No er bilen i orden! Det var sjølvsagt "strømstjeleren" på k-bus ledningen (kvit med gule streker og grå linje) på LCM som hadde heilt eller delvis kordelene i ledningen. Eg burde tenkt på dette med en gang.. Eg sjekka dei sikringene du nevnte, Alpejohn. Eg kunne ikkje sjå at det stod F104 nokon plass. Og eg har berre kontakter i holderen til F56 og F58 , som begge var i orden. Eg sjekka F19, som også var Ok. Men F18 mangla. Denne er merka med Instrumentkombi. Eg hadde ut alle sikringane, og satte inn nye nemlig, rett etter instrumenta svikta i vinter. Så da må eg ha gløymt F18. Denne gjorde nok berre at enkelte lamper ikkje virka på instrumentbordet. Så det var min egen feil. Moralen er altså: ikkje bruk strømstjelere. Og e-light-modulen var ikkje problemet. Den skal på plass igjen Er blitt avhengig av komfort-blink/trippel-blink Takk til alle som har hjulpet meg fram til løysinga
-
Takker for svara eg har fått. Eg skal undersøke kablane der e-light-modulen var tilkopla. Og godt tips Alpejohn, skal sjekke dei sikringane du nevner. Men det blir til helga igjen, pga reisejobb.
-
Eg bur i Loddefjord, rett utanfor Bergen. Eg har tenkt at feilen kan ligge i sjølve instrumentet, og at det kanskje må byttast. Men kva med K-bus? Dårlig kontakt eller jording en plass kanskje? Eg får jo feil mellom motorhjernen og instrumentet og K-bus nede på midtkonsollen. Men en skikkelig diagnose hadde vore flott, då eg ikkje stoler heilt på BMW-scanner.
-
Hei, Det fins fleire trådar om dette, men ingen av dei har vore til hjelp for meg. Så eg tenkte derfor å opprette en ny, i håp om å få tips for feilsøk. Eg vil helst unngå å sette bilen på verksted. Eg har altså ein 2002-modell 520iA sedan med der alle instrumenta plutseleg slutta å virke. Tankmåler, speedometer, turteller, forbruksmåler og temperatur står alle på 0. Eg mangler også girindikator, lys for lading, motorfeil, handbrekk, bremser, abs, dsc osv. Det som virker er bakgrunnsbelysning, blinkindikatorer, fjernlysindikartor, utetemperatur, km-stand som står på stedet hvil og køyrekomputerfunskjoner som også er på stedet hvil. Eg har heller ikkje ryggelys eller setevarme. Ryggelysa er forståelig, då dei får signal frå girindikatoren, som ikkje virkar. Eg har tatt instrumenttesten, og der går nålene opp og ned, og det meste av lamper lyser. Men eg saknar ein del lamper, som ladelampe, motorlampe, abs, dsc, handbrekk osv. Er det nokon som veit om desse skal lyse opp på testen? Eg såg en video på YouTube der det også mangla en del lamper. Sjå vedlagt video. Eg hadde i ein periode ein e-Light Entreprise-modul tilkobla lysmodulen. Denne var kobla til 3 ledningar med "strømstjelere". Kan denne ha laga trøbbel? Denne endrar jo kodinga av lysa osv. Det begynte etter at eg en dag ikkje kom meg inn i bagasjerommet, verken med fjernkontrollen, utvendig handtak eller knapp inne i bilen. Det viste seg seinare å vere brudd i en kabel i strømpa mellom bagasjerommet og koffertlokket. Eg reknar ikkje med desse tinga har nokon sammenheng, med det skjedde altså kort tid etterpå. Eg har prøvd å koble frå batteriet over natta, eg har sjekka alle sikringar og bytta batteri. Batteriet har blitt tappa ein del gonger, så eg rekna med det var fornuftig å skifte det ut. Etter 3 veker i utlandet i fjor sommar, med bilen ståande ubrukt, var den faktisk tom for strøm. Eg har lest at elektronikken kan tulle seg når batteriet er svakt. Eg har sjekka ladespenninga etter å ha bytta batteriet, og den er fin. Ligg på 13,6v-14v. Men fortsatt samme problem. Eg har også bytta el-delen på tenningslåsen, men samme problem. Eg har kobla til BMW Scanner 1.4 og får opp diverse feil. Men eg skjønner ikkje alle feilmeldingane veit ikkje korleis eg skal gå fram med feilsøking. Her er det eg får opp med scanneren: DME Fault currently present: 83 (131) Signal, CAN instrument cluster 2, timeout elapsed 84 (132) Signal, CAN instrument cluster 3, timeout elapsed IKE Fault currently present: BF (191) Internal fault, EEPROM checksum, coding incorrect/incomplete. 90 (144) Voltage supply, terminal 15, faulty Fault currently not present: 87 (135) Body bus (K-bus) Body bus kjem opp som tilstede når eg resetter og scanner igjen, så den er nok der. LEW Fault currently present: 0B (011) Wrong LWS-ID ZKE No errors (?) Faul currently present: 93 (147) Power up from the GM III EWS Fault currently present: 0F (015) Power on reset SZM Fault currently not present: 0E (014) K-Bus down (Eg er usikker på om denne feilen har vore aktiv tidlegare) Det er vel her setevarmeknappen sitter? SZM=Switching Center Module Sjå vedlagte skjermdumper frå BMW Scanner 1.4 Dette innlegget vart veldig langt, men tanken var å få med alle detaljane, så eventulle svar kan bli så nyttige som mulig. Alle svar og tips mottas med stor takk! Video.MOV
-
Eg byr deg 5000,-
-
Er denne solgt?
-
Regner med denne er solgt for lenge sida, men ville no berre høyre likevel Eg er iallefall interessert. Er det forresten mulig, men denne modulen, å få angel-eyes og tåkelys til å lyse sammen i dagslys, og skifte til nærlys når det blir mørkt? Eg har auto-instilling på lysa, lyssensor og original xenon i nærlys. Sånn den er no, er det ingen som helst lys som er på i dagslys, med bryteren i auto. Litt merkelig syns eg, i og med at bilen er norsk-levert.