Hallo! eg er da en fersk bmw eigar og har allerede fått trøbbel med bilen. Har søkt litt rundt om men har ikkje funne noken klare svar på problemet, so eg bestemte meg for å spørre sjølv i håp om å finne ut kva det kan vere!
Slenge inn ett bilde og
Kjøpte bilen for ca. ei veke sia, det er ein 2003mod 320ci 2,2l 170hk. den har gått 168 000km. Den første veka eg hadde bilen gjekk den glimrande, null problem. Men no på fredag 31.08.2012 merka eg at de var noke muffins... var ute å kjøyrte en liten tur, bere for å kjøyre! So stoppa vi fordi vi kjente eg ei merkbar lukt, som om noke var svidd. Greit nokk tenkte eg, og kjøyrte heim igjenn, uten problem.
Dagen etterpå satt eg å fikla med radioen inni bilen, tok den ut og skulle fikse tilkobling for mp3. Ikkje at de kan ha noke å gjere med problemet da, men uansett. Da fekk eg besøk av en kompis som ville sjå på bilen, so tok eg til å starte doningen, men her var de ikkje mykje å skryte av. Då gjekk den på 5 sylindera og rista og gjekk som en dass, etter ei lita stund med tomgang so datt enda en sylinder ut.
Eg tok av dekselet oppå motoren og mens den gjekk kobla eg ut en og en coil for å finne ut kva for noken sylinderar som var ute. Syl. nr.3 og 6 var da ute. Nr.3 går ikkje i det heile tatt, mens syl. nr.6 kobla ut etter ei lita stond. Då tok eg ut coilen som var i syl. nr. 3 og den var jo heilt smelta og stinka svidd plastik og gørr, antagelig vis det som forårsaka lukta dagen før. Coilen i nr.6 virka utseendesmessig grei, men konkluderte med at 2 stk coiler var ferdige. Vel og merke at forrige eigar tydlig vis hadde skifta tre coiler før av typen BOSCH, og dei tre andre var antagelig vis der sidan bilen var ny. To av dei virka ikkje. No har eg satt in to nye coiler og seks nye tennplugga. Uansett korleis eg stokka på coilene so virka ikkje syl. nr.3 og syl nr.6 kobla ut etter litt.
Noken her som har opplevd same problem? Motorlampa lyse, og lure på om det kan vere so enkelt som å slette feilkode, eller skal bilen gå fint sjølv om der er feilkodar? har og mistanke om lekkasje på innsugsbelgen.