Heisann. Har ein -07 525 iX som eg har litt trøbbel med kjølinga på. Putseleg kjem det berre kald luft frå klimaanlegget, so kjem melding om høg motortemp, og etter litt, melding om altfor høg motortemp, og beskjed om å stoppe. Eg stoppar bilen, går ut og opnar litt på lokket på ekspansjonstanken, slik at det kjem ut litt vatn. So er det berre å køyre videre. Hadde ein liten lekkasje frå radiatoren, og trudde det laga trøbbel, men ser ut til at eg har greidd å tette den med flytande kork. Har sjekka feilkoder, og har desse kodene på vannpumpe: 002E81, 002E82, 002E83 og 002E85. Nokon som har ein ide om kva dette kan væra?
Mvh Odd Egil Rimeleg fersk på BMW