Gå til innhold

Mykledust

Medlem
  • Innholdsteller

    74
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Mykledust

  1. Yess kara! Fram med popcorn og hell oppi ett glas cola med isbeta! No e det fortellingstid! Starta helga med utskruing av girkasse mellom slaga då vi har familie på besøk til påska. Fekk inn ei lita økt på Laurdag, men blei stoppa pga verktøymangel. Sette nevøane i arbeid. Tidlig krøkast må dei! Studerte hardykoblinga og fant ut at dinna bytta vi fint ut. Ny på veg! Vidare til søndag: henta bremsene ferdig sandblåst, klar til overhaling og noken strøk lakk Mandag: Tidlig opp kl 0500 og kaste seg i hiluxen med ei kanne kaffi og ett par brødskjever innafor. Sette nasa sørover og rundt klokka 14 hadde vi fått oss en treskjærs plog oppå hengar… Men det var ikkje alt!! Møtte opp hos ein kar i ett byggefelt, han hadde godt humør, viste oss rundt og vi fekk sjå i garasjen hass. Der var mykje gromme maskiner! Men eg reiste heim med det grommaste: Hiluxen gjekk tungt med ekstra vekt på kroken og i planet, va på nippet til å koke over på veg opp romarheim. Ejo kjent for slik dissa gamle 2,4 literane😅 Var heldig med vær og trafikk så turen gjekk på knaple 19 tima Idag/Tysdag var eg også tidlig opp- tok traktoren ned til bygda for eg va sooo lei av å kjøyre bil etter gårsdagen- fekk kjøpt meg ett pipesett som passa til girkasseboltane og reiste heim og sette igang! Kassa ute og inn med nytt utløysarlager bytte foringane til spakstellet og monterte julegåva frå ein kompis Derretter hissa eg meg skikkelig opp og klaska kassa på plass igjen med en elegant benkpressmanøver! (Jekken i bakgrunn er kun til pynt) Ellers ser eg fram til mykje skruing i påska, ser endå meir fram til å få kjøyrt bilen😂 Har satt meg mål og få den ut av garasja til Lokalt biltreff den 4. mai😅🤡 Vi snakkas!
  2. Har ikkje fått farga teppa endå@Olaandref Brukte biltema sin vinylspray på ett taktrekk en gong før og blei ikkje veeeldig fornøgd med det.. Tenkje å få taki motip eller noke anna bra. (Tips?) Idag kom sakseløftaren på plass og i den anledning fekk bilen seg ei lita spinnerunde ute på tunet: Besta i sving med vasketvøga og pannepand. Kald vind i dalføret. På veg inn igjen i kunstprega omgivnadar, klar til å få seg ett løft🤟🏻 Sendte i tillegg vidare m5 bremsene til en kompis med sandblåsar, gleda meg til å få dei på plass og oppgradere bilen med større stoppekraft😜
  3. ENDELEG!!! E eg ferdig å sveise🤟🏻 Her kjem resultat: støvsugde godt og gjorde reint Pensla på med Wurth sin rustomvandlar. Latt den gjere jobben sin ett par tima. Kom tilbake, gjorde reint, tørka vekk det som var til overs og; Første strøk med epoxy primer Blanda første runde med litt tynner så den kan trenge inn der det trengst🤟🏻 Andre og siste strøk. Ditta ska få stå og godgjere seg i en dag eller to, e fortsatt litt kaldt i været, så skal få god tid å herde. Etter det so skal jo alt inn igjen i bilen😭 kjem nok til å klø meg blodig for å hugse kor alt passa😜 Til veka henta eg meg sakseløftar. Behandla undersida då den e komt på plass🤟🏻 Fortsatt god helg!
  4. Takk for det @sveigis! Hjelpe på motivasjonen😁😁 Då eg kun har mig apperat i helgene så får det bli ei veke til før eg teke sjarmøretappen😁 imellom helgene går det for det meste i sortering/ plassering av verktøy og spekulere med litt lagringsløysning osv. Godt fornøgd med fjøsgarasjen, men en skulle vel alltid hatt meir plass😜 Her e litt av rusta som blei kappa ut: rett og slett berre org rustbeskyttelse som holdt det ihop Nye plater tilpassa og punkta inn: sveist: prøvde egentlig å lage en ny del til bjelken med setekroken, ga meg fort på det og reparerte heller den gamle med nytt stål ett par plassa Bilde frå under bilen: fortsatt litt småsveising og en del sliping igjen😁 veldig kjekt å endelig kunne sjå en ende på det då😎 Misunna dei som allerede e ute med bilane sine i sola, får kjøpe inn ei kasse med friele og ta ei skikkelig økt til helga igjen
  5. Va litt meir arbeid her enn eg trudde😅 updates coming…
  6. Ja, har tilpassa på førarsida no, der passte profilane uten banking.🤟🏻 Lavaste punkt e breiare på passasjersida. Veit ikkje om det gjelde for alle e34🤷🏼‍♂️
  7. Yeees litt frå helga: som nevnt over so reiste eg på butta før frokost, rett heim igjen og ordne seg ett stikk på 16a kurs slurpa i meg en kopp kaffi og satte igong Nytt stykke på plass relativt greit å tilpasse og sveise inn😁 Tilpassning av ny dørk Og ny dørk på plass, solid so berre det! Blikje noke «danger to manifold» i laang tid framover her😎 Det blei noken runde med Jeremy Clarkson-verktøy og blå negler for å få platene frå Valcas til å passe 100% Heldigvis greit metall og forme👍🏻 Blir tilpassning av førarsida iløpet av veka og ska få lånt med meg sveiseapperat til helga igjen og blir ferdig! Haaaaata å sveise rust!! Blir utrulig kjekt å være ferdig og kan begynne med sånne ting som e spennande😜 Her e bilde av m5 bremsene: Frå 3,6 modell Når overhalingssettet kjem i posten ska dissa få seg en real omgang! Få dei skikkelig fine. Kan hinte at om ikkje lang tid reise eg avgårde og henta motor som skal passe ilag med en Superretometerfordeler for å auke karadialeffekten med 110%!🥵 Mvh😏
  8. Triks eg pleie å bruke på tynnplate e å holde ett stykke kobber eller aluminium på baksida, får mindre koksing og god gjennombrenning då en kan sveise litt hardare uten at stålet fordufta😁 Jobben sitt apparat e Esab der en kan stille inn til «standardmap» etter tjukkelsane på metallet! Gje en lyd på tur oppover so fyre eg opp moccamasteren😎😎
  9. Ålreit! Det går seint med meg! MEN! Ting skjer. Kvitta meg med dørken på førarsida, hakje bilde🤷🏼‍♂️ Somla meg til å sortere verktøy i fjøsgarasja: Imåra ska eg ta den lange turen ned til tettstaden og kjøpe ei stikkontakt og montere den på kursen til gjødseltrekket, etter det skal eg plugge i sveiseapperatet eg rana frå jobb og sette til helvette igong med maske, hanskar og svarte nasebor! Kanskje litt sveising og:)) Ellers har eg kjøpt inn m5 frambremser. Dei kom med rekordfart i posten! Skulle tru dei kjøyrte m5😂 Samla litt deler for tida, når alt e komt fram ska de få sjå! Har en plan med noke motorgreier, her ska eg holde dåkke på kanten av stolen i ett par veke😏😏 Oppdatera snart med bilde😁 Ha ei god helg!
  10. Mykledust

    M70 i E34

    Hallais! Vurdera å slå til på en m70 med papir i orden og alt. har kjøpt inn bremser frå m5 noken som har prøvd å godkjenne m70 i e34 før? Mtp karroseriforsterkning, vekt og løysningar med sfoor? er 88 mod bil den skal inni så utslepp blr ikkje være store problem takk på forhånd for svar😁
  11. Uff nei 😅 datt litt ut av flyten på bmw’en og har mekka bruksbil siste veka. Skal manne meg opp og komme igang igjen strax!
  12. Drive å herja: Tok tak i kanalen og løfta bilen oppå noken heimelaga bukka Slipte ned en borr og begynte å ta punktsveisane til dørken tidkrevande arbeid med hammar og spett… kom allikevel i mål Blei kort økt idag, men iløpet av veka skal eg få tilpassa nye dørken og ett lite stykke heilt framme i torpedoveggen. Forhåpentligvis får eg lånt meg ett sveiseapperat til helga. sjekka passform på platene frå Valcas: Partiet til høgre med hòla i e litt smalare en original og det kan virke til at golvet kjem til å være en liten cm lavare når det ligge på plass. Kjem nok til å slite ut en hammar for å få det 100%😁 Skal det være gummipropp i dei hola som e i plata når det e originalt? Drenering? Begge sider har dei blitt sveist igjen på min.
  13. @Zeveren kjekt å høyre! Blir å sjå der igjen til sommaren og! Berre å helse på😁😁 ENDELEG! har eg somla meg til å få det nokelunde brukande i fjøsgarasjen! Sto bra på i romjula med skrutrekkar, byggskum og augemål! Slo til på dieselvarmar på romjulstilbud og hakje hatt naglebet sida😍 Frå spæk til alvor so, har ein plass å skru so må en jo bruke den.. vi kan begynde med det negative: Banka vekk lyddemping so svetten spruta her hinn dagen, plutsleleg skaut skrujernet fart utav handa mi og der oppdaga eg rust i dørken… Ka gjere so eg? jo! Rett inn på www sjølvsagt og bestille nye dørkplater høgre og venstre! Kom i posten idag, ser ut so det e bra passform, om det ikkje e; så har eg hammar. bestilt frå Valcasgarage i Litauen! Elles so har eg spekulert baki bagasjen, klargjere bilen til kidnapping osv med full lyddemping lite prøvestykke: Og neeesten ferdig: Har alltid likt å dille med anlegg og lyd i bil, men aldri prøvd å legge noke særlig lyddemping før. Spent på å høyre om det blir ett bra resultat. Som de ser har eg fjerna braketten som held fast reserverhjulet, dette fordi eg likar å leve på kanten. Tenkte det skulle være fort gjort, MEN når eg skulle borre punktsveisane som hold den fast reiste pinade drillen rett utav handa mi den og! Bensinspruten sto! Glup som eg e var bilen parkert med full tank😂 Hiluxen fekk kjenne på ekte rally når eg hasta meg rundt bygda på leit etter sagflis, eller ka som helst so kunne suge opp ei sånn miljøkatastrofe. Ordna seg alltid for snille gutter og har fått tetta tanken med epoxy som skal tåle bensin👍🏻 Utover våren og blir det fleire oppdateringa håpa eg, målet e å få bilen presentabel til gatebil igjen😁 vi Snakkast!
  14. Hallais og god farsdag! vore stille lengeee her no! Det skal til å snu! Begynne å nerme meg ferdig med verkstedprosjekt og har fått bilen inn under takk og innom vegger😁 gjort renovering i gamle fjøsen heime og bilde seie meir enn ord: Fornøgd med resultat og funka heilt nydelig til hobby! Vidare skal eg rive en vegg for å doble skru-arealet og en sakseløftar står på ønskelista eg har sendt til nissen
  15. Blir stilig å følge med her! Lykke til med sveising! Sjekka ut valcas og trur eg skal skaffe meg alle 4 dørkplatene han selge før eg legge på plass det nye teppet i min 😎
  16. Ser fram til kaffi😜😜 Ikkje godkjent med motor nei… gikk gjennom Eu heldigvis! Fargen trur eg heite cirrus blau Forrige eigar sveiste kanalane og tok det meste av rust, alt vatnet som e komt golvet har eg ett defekt varmeregister å skylde på😭😭
  17. Siste halvdel av teppet ute! verre vått enn en nytrekt svamp!🤮 og slik ei inviterande lukt🤟🏻🤟🏻 skal la siste fukta få tørke til imåra og begynne å fjerne gammal råten lyddemping, pusse og få lagt grunning på! Går litt imellom prosjekt med å få flytta ut av siloen inn på mjelkerommet (vi har slutta med drift 😜) så går seint med bilen håpa å få klart ett nokelonde brukbart verksted før første snøfall God helg!!
  18. Hallais! Vore stilt her ei stond no unnskyldninga e festivalsommar og er tilbake i Arbeid! Har uansett fått begynt å rive ut interiør her på verkstedet: Liten kamp å få av haudestøttene på baksetet, men med litt oppvarming unngjekk eg strekk i biceps 😅 Her e sinnsjuke mengder med vatn og fukt og mugg og lukt og ureinheiter! held på å demontere alt fordi varmeregister må bytast. Vil jo og tru at dreneringa til takluka er tett så det må bli orden på. Må pusse litt i golvet for å ta rusta, heldigvis ikkje noke farlig, men greit å ta. Har slått på stortromma og bestilt inn Dynamat til lyddemping! Blir en skrapejobb og få ut dei originale asfaltmattene😅 Står i siloen og skrur for tida så det e seigt å komme igang med ditta ustabile vestlandsværet. Går seint, men går framover 🤟🏻🤟🏻 Sleng med ett par bilde frå Gatebil i tillegg: Bilen gjekk som ei klokke heile vegen til og frå Rudskogen! Einaste problemet var at den begynte å koke en time før vi var komt heim søndagen, men viste seg å berre være tempsensor som tok kvelden😂 Vi Snakkas!
  19. Deilig med skilt! En klutvask før avreise imåra! Bakfangaren har fått en dårlig lakkjobb tidligare, trur ikkje eg gidde å gjere noke med det før den blir parkert i vinter🤟🏻 tok ett oljeskift også og til slutt en skikkelig rens innvendig Har vore fukt i bilen frå å ha stått litt inne og litt ute dei siste ca 9 åra før eg kjøpte den, så her gikk det 3 solide tima i rensk! fornøgd med resultatet og god lukt inni bilen! etter gatebil har eg tenkt å ta tak i takrekket som sige, varmeregisteret..🫠 og litt anna dill som eg heilt sikkert blir kjent med når eg tar en lengre tur med bilen🤩 snakkast!
  20. Takka aldri nei til kaffi @opeth84! Dåkke trenge ikkje være redd for Rieger fangara!😜 idag gjekk bmw’en gjennom etterkontroll! Feira med litt skruing, og skilta blir henta imåra! som eg nevnte tidligare lakk det kjøleveske inni kupeen under kjøyring. Lagde en bypass slik at bilen kan brukast fram til eg får tid til å rive ut dashbordet🤟🏻 skifta kjøleveske i samband med det😎 festa også kabelgata i bakkant av motor imåra blir det full utvendig og innvendig vask + ett oljeskift Skal hugse på å ta litt bilder og få posta innpå her:) og onsdag rett til rudskogen på Gatebil! Blir på Camp 1 med f150’en, e34’en og en kompis sin Camaro. Berre å stikke innom om dykk ser oss!
  21. Halla! ei bot seinare har bilen komt seg til etterkontroll tok en råsjangs og kjørte til verksted uten skilt, trur eg må lære snart… 😅 fått bytt speilet, og sveist meg ett feste til eksosen! Bilde kjem! Var i all hast så fekk ikkje tatt noke dinna gongen 😕 Lakk kjøleveske inni kupeen på turen bort og dugga noke sjukt på ruta, kurant feil å fikse?
  22. Låg ikkje på finn nei, leita den fram hos en kjenning 😁 Fulgte med en rieger spoiler til bilen, usikker om den skal på, tenker meir på smakfulle 90’s detaljar typ xenon, riller i panser, kassettholdar og mykje anna snacks😎 Det stemmer! Berre stikk innom om du ser oss holde på med bilen!😁 Anyways, fikk 3 feil på EU ripete frontrute. Skal prøve å polere speilglas på venstre side, der e bestilt nytt Og det bakerste eksosfeste må endrast på 🤷🏼‍♂️
  23. Hei hå, håpa alle fekk seg ein is i helga! Har fått gjort litt smått på bmw’en, litt mindre enn eg hadde håpt, en girkassejobb på en anna bil gikk ikkje heilt etter planen… rydda opp i mykje rare ledninga, justert handbrekk, ordna hjulbolta i riktig lengde..😅 Før: under og etter: Tok desverre ikkje bilde av motorrom etter, men lova det blei bra! Har laga meg ei lita bestillingsliste på: List framme under panser, ny luftmengdemålar, og diverse klips Koed eller GS som e beste plassen å bestille sånt? Lure også på om noken har erfaring med andre merke enn bosch(8000kr) når det gjelde luftmengdemålar? Ellers er det EU kontroll no på tirsdag, kryssa fingrane for det!😎 gir beskjed! Snakkast!
  24. Hei, tenkte å lage en prosjekttråd på e34’n min Litt om meg: e 22 år frå sogn og fjordane og jobba som landbruksmekanikar. Glad i bil og lika utfordringar med å mekke. har en e34 525 88mod og ein Ford f150 89 modell litt om bmw’en: 88mod 525 ombygd til m50 motor med ebay headers taklukebil, svart skinn interiør bilde frå då eg henta bilen for ett par veke sida: Veldig grei bil, mangla ett par lister er og der, kanaler er sveist opp igjen og det er kun litt overflate rust som er begynt rundt fronrute og bakrute + på c-stolpen der lakken har fått seg ein skade Det som er gjort så langt: Bytta taklukepakning, lenkarmer bak, eksosfester,støttearm til styresnekka og montert på lister som mangla med good hjelp av kompisane! Planer på kort sikt: få bilen EU godkjent, ordne opp i ledningsnett til motor, kjøyre den MASSE og generelt vedlikehold Drømmen på lang sikt: lage turbobygg, ordne opp i lakken få til en ordentlig Gatebil med type 90- tidlig 2000 talls stuk På forhånd stor takk til gutta! Kjem fleire bilder etter helga! Då skal det renskast opp i diverse under panseret😎 Håpa dåkke e glad for endå en e34 prosjekttråd innpå forumet her
×
×
  • Opprett ny...