Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'utladning'.
Fant 1 resultat
-
Hei! Har i det siste opplevd litt problem med bilen. Det er ein 320d 2008 touring. Problemet lyder som følgje: For ca ein månad sidan opplevde eg problem med bakluka. Den ville ikkje opne seg. Ikkje vinduet heller. Det løyste seg ved at eg lada batteriet, og då fungerte det bra. Den siste månaden har bilen stått mykje i ro, og problemet kom tilbake. Når eg reiste vekk eit par dagar på jobb så kom eg heim att til ein dau bil. Det var ingenting som skjedde når eg satte nøkken i tenninga. Men denne gongen kom og ein feilkode; "increased battery discharge" før eg reiste. Så då kilte bakluka og bakruta seg igjen. Eg måtte krypa inn baksetet og dra i nødopningen bak panelet på luka. Eg googla litt og fant ut at kabelbrudd var ganske vanlig. Etter å ha klurt litt med gummigjennomføringen så fant eg ut at bakvinduet må opnast for å få skikkelig tilgang til dei. Den har ingen manuell nødopning, så eg måtte rive bort alt av plastdeksel for å komma til låsen, og lirka litt med eit skrujern for å opna den. Eg fekk omsider opna ein gjennomføring, og fant berre ein kabel med isolasjonsbrudd. Dei to andre har eg ikkje klart å opna endo. Den som går ned i sjølve bakluka var altså ganske grei å få opp. Er det nokon som har eit tips til å få opp dei resterande gjennomføringane? Så lurer eg og på om det kan ver problem med låsen. Eg lurer på om nokon her inne kjenner til korleis dei fungerer. Dersom låsen til bakluka for eksempel heng seg opp, vil den då konstant ligge og trekkje straum? Noko som kan gi meg feilmelding? Batteriet hadde i alle fall tappa seg svert mykje. Eg målte det til rundt 6,5 volt.... Har lada det, og det ser ut til å ta imot lading. Spenninga låg no på om lag 12,8v. Det er eit AGM 95Ah batteri. I utgangspunktet så håpar eg å unngå og måtta kjøpa eit nytt, men det vil visa seg. Nokon som har kjennskap til problemet, eller tips til ting som kan trekka straum? Eg får vel berre belaga meg på å gå inn for eit nytt forsøk på å få sett over dei to siste gjennomføringane, før den eventuelt ryker inn på verkstad..