Som sagt før, så trur eg det er toppakningen som er problemet på bilen min!
Ringte på eit verkstad, men dei var ikkje sikre på om dei turte å bytte toppakning, i og med at dei hadde inne ein 96.mod 520 no, der toppen hadde vridd seg, så det hadde berre blitt problem. Dei skulle og ha 12 - 14.000kroner for arbeidet!!!
Det eg lure på no, er om ein som har skrudd mykje bil klarer å bytte denne. Har bytta bremser, eksosanlegg, skrudd motorer ut av biler og montert dei igjen... Skal vedkommande då klare å bytte toppakning? Toppen blir sendt inn til sliping. Er det nødvendig å ta ein trykkomp på den?
Når eg først har av toppen på bilen, er det då noko anna som kan være lurt å bytte eller gjøre siden eg først har den av? Nokon som snakka om å høvle toppen på den, slipe kammen for å få ein spissere topp og file innsuget og utblåsninga.... Kva meiner dykk?
Mange spørsmål på eigong, men sette STOOOR pris på alle svar...