-
Innholdsteller
238 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Artikler
Forum
Galleri
Blogger
Kalender
Alt skrevet av justemann
-
Eg er heilt samd i at nokre av lyktene som er tilgjengelege til E39 i dag er heilt horrible. Noko som forundrar meg enno meir enn det store utvalet av "møkkalykter", er at ikkje fleire kjøper Hella lykter frå KOED....... Omlag 3600 bilpengar er alt det kostar...(Utan xenon) Omlag det same som eit lyktesett som får bilen til å minna om ein rusa veps kostar....
-
Det er vel kan henda litt som å banne i kyrkja, men quattro er jo ingen dum ting vinterstid; http://www.finn.no/finn/car/used/object ... e=24178529 http://www.finn.no/finn/car/used/object ... e=24055176
-
Problemer ved salg - kjøper vil heve kjøpet. Noen spm.
emne svarte i justemann sin Nordnes i Annet BMW og motorprat
Ehm....... Eg kan vera samd i ein ting, og det er at ein NAF- eller tilsvarande kjøps/salgstest ofte kan vera lurt. Men lovskjema? Og salgsmelding? Statens Vegvesen er vel noko meir interesserte i personnummer og denslags! Det er heller ikkje slik at seljar "plutseleg" vert ansvarleg for alle moglege feil og manglar om det ikkje er poengtert i ein skriftleg avtale at tingen "sleges som den er"... For å unngå å gå inn i ein framtidig handel på gale premissar kan kjøpslova trygt anbefalast som nyttig lektyre; http://lovdata.no/cgi-wift/wiftldles?do ... ml&emne=kjøpslov*& Eg vonar du er klar over at denne feilen ikkje gir kjøpar høve til reklamasjon, forutsett at du ikkje har brote opplysingsplikta di. Bon voyage! -
Problemer ved salg - kjøper vil heve kjøpet. Noen spm.
emne svarte i justemann sin Nordnes i Annet BMW og motorprat
I denne prisklassa er det ikkje berre små og uforutsatte problem kjøpar må pårekna, det er heller ikkje usannsynleg at større og meir alvorlege problem openberrar seg... That's life! Så lenge seljar ikkje visste om feilen/mangelen (eller burde visst om han) gir ikkje framtidige feil og manglar høve til reklamasjon. -
Problemer ved salg - kjøper vil heve kjøpet. Noen spm.
emne svarte i justemann sin Nordnes i Annet BMW og motorprat
For selgar ville det sjølvsagt vore fint å ha "rep.objekt" i ein eventuell kontrakt. Men i denne prisklassa er det nærast ikkje naudsynt, det ligg implisitt i prisen (les: omlag 30 000,- ved dette høvet) at kjøpar må pårekna feil og manglar med bilen. Dessutan ville vel mange potensielle kjøparar vore skeptiske til selgars terminologi dersom han/ho vil kalle salgsobjektet for "rep.objekt"?! I denne prisklassa er det slik eg ser det berre gjennom selgars brot på opplysingsplikta at kjøpar får høve til å reklamere, då det mest ikkje er rom for at vara (bilen) ikkje innfrir punkta i §17 i kjøpslova om "varens egenskaper". -
Problemer ved salg - kjøper vil heve kjøpet. Noen spm.
emne svarte i justemann sin Nordnes i Annet BMW og motorprat
Les kjøpslova, det er den som gjeld ifbm kjøp og sal mellom private. (http://lovdata.no/cgi-wift/wiftldles?do ... ml&emne=kjøpslov*&) Det tar ikkje lang tid å lese gjennom denne lova, og ho inneheld informasjon som absolutt er nyttig å vite med tanke på framtidig kjøp og sal. I ditt tilfelle ville eg i alle høve ha lest §17 om "varens egenskaper". Her går det tydeleg fram at dersom denne feilen var noko du ikkje kjende til, eller ikkje hadde forutsetnad for å kjenne til (altså at det er rimeleg at du gjennom normal bruk burde kjend til feilen), kan du, som Galro seier, gratulera Bodøværingen med ny bil..... Slike feil som dette er i alle høve noko kjøparar må rekne som mogleg i dette prisleiet. -
Desse bilane er snart veteran ja. Eg, og sikkert fleire med meg, gler meg stort til 2014, då M635CSi rundar 30 år! Som nemnd tidlegare ville eg vore særs merksam på rust når det gjeld E24, det kan verta svært kostbart å utbetra grunna høge deleprisar. Hjå Gs Bildeler kostar til dømes ein stykk framskjerm i overkant av 8000,-, medan bakskjermen kostar i overkant av 12 000,-. Eg har tidlegare erfaring frå ein 628i som eg saknar på dagleg basis, og er fast bestemt på at E24 er ein bil som før eller seinare skal finne vegen attende til tunet mitt... For min del er det definitivt bilar frå -81 og oppover som er mest aktuelle. Dei fyrste E24 vart bygde på E12, medan dei frå -81 og oppover vart bygde på E28. Det er relativt store skilnader på både eksteriør, interiør og ikkje minst det tekniske (E28 er ein noko meir moderne konstruksjon) på bilar før og etter -81. Vidare ville eg heilt klart sett etter bilar med manuell girkasse. Automatkassar frå nittenhundre og boblejakke har ein stygg tendens til å vera lite effektive, dessutan er mi erfaring at ein E24 kler særs godt manuelt gir. Når det gjeld spørsmålet ditt om ulike motorar ville eg ha gått for ein M30B34 (eller er det B35?), altså ein 635CSi. Min gamle 628i, med M30B28, kjentes kvikk nok ut, men det var definitivt rom for ei hoppe og to til under panseret, det er jo tross alt ein relativt tung bil. M30 er òg ein velrenomert konstruksjon der deletilgangen er god, prisane fine og motoren er fin å arbeide med. På spørsmål om rævkjøring eller ei er vel svaret omlag som det ville vore med andre bilar. Det er nok ikkje den mest utbreidde ungdomsbilen, men som med alle andre bilar er det som regel mogleg å sjå korleis bilen er behandla gjennom både tilstanden på bilen sjølv, og ikkje minst kan ein som regel fortelje mykje om ein bil på bakgrunn av eigarens "framtoning".... PS! Om du vil grave verkeleg djupt i lommerusket er jo M635CSi sjølve rosina i pølsa med ein finfin M88 under panseret.... Lukke til med leitinga etter noko av det som kan kallast eitt av BMW sine aller finaste design!
-
Dersom det hadde vore snakk om ein 3-serie ville me vore langt på veg samde, men eg trur at dei aller fleste som er på utkikk etter 5-serie ser det som eit pluss om bilen er utstyrt med automatgir. Såleis vert det vel lettare å kvitte seg med ein 5-serie med automat enn ein utan?!
-
Eg skal vera med på at lydbiletet i ein R4 bensinmotor er noko finare enn ein tilsvarande diesel. Likevel vert ikkje skilnaden så stor at det er noko eg ville vektlagd, då lybiletet i ein 4-sylindra motor uansett ikkje er heilt det store for min del...
-
Eg er samd i at ein dieselfirar ikkje akkurat er tipp topp når det kjem til lyd..... Men det er vel heller ikkje ein bensinfirar? Elles såg det ut som ein fristande pakke Wacman...
-
bmw e39 radio innstillinger
emne svarte i justemann sin Flatshift i Bilstereo, multimedia og navigasjon
Dersom ikkje batteri-tipset ber frukter trur eg dette er eit relativt vanleg problem. Ei "jukseløysing" er å justere fader og balance litt "skeivt", altså at balance er innstilt eitt hakk lenger til høgre enn senter, og på samme måte med fader. Dette gjorde i alle høve susen i min bil... -
Kva tid har automat vore ei ulempe når ein skal selja ein 5-serie? Back to topic. Eg for min del saknar ein faktor i denne likninga; ulik køyre/motorkarakteristikk diesel kontra bensin. Eg har relativt liten erfaring med små motorar, både diesel og bensin, spesielt i BMW. Men eg har tilbragt eindel timar bak rattet i ein E90 318iA, og i nærast kvar einaste oppoverbakke eg møter har eg "våte" draumar om å byte ut "i'en" med ein "d", særskild om eg har vore så syndig at eg har med meg passasjerar ombord. Mi erfaring tilseier at ein liten dieselmotor harmonerar mykje betre med mine forventningar til kvardagsbruk, enn det ein bensinmotor gjer. Såleis vert det opp til den einskilde og deira subjektive preferansar... No er det vel truleg at ein -18 motor har litt meir punch i ein liten 1-serie, men i ein 3-serie verka motoren for meg å vera noko malplassert, særskild i kombinasjon med automat. Eg ville i alle høve teke meg god tid til å prøvekøyra både bensin og dieselvariantar om du er i tvil...
-
Ok, I stand corrected! Eg trur ikkje du vil angre på å kjøpe ein bil med facelift, både utvendig og innvendig er skilnaden absolutt til stades. Sidan du har god tid ifbm dette kjøpet ville eg absolutt ha prøvd dei ulike typane (noko du sikkert har planar om). Ingenting er som fyrstehands kjennskap! Lukke til med kjøp og sal...
-
Dersom den vert interessant pga økonomi kan det vera verdt å merka seg at motorvolumet auka òg med den nye motoren, med omlag ein halvliter. No er ikkje eg noko importguru, men ein eventuell gevinst generert av mindre Co2 utslepp forsvinn vel fort i den halvliteren, samt fleire hestekrefter? Eller er det komen nye retningsliner for import der Co2-utslepp er avgjerande for reknestykket?
-
Kan òg anbefale 525d med den nye 3-literen, kombinert med automatgir er dette ein finfin pakke! Sånn sett har eg òg gode erfaringar med motor og girkasse i 525d pre-facelift, men som nevnt tidlegare i tråden er facelift utgåva av E60/1 ein meir elegant bil enn pre-facelift, ikkje minst innvendig. Innvendig er det òg eit tydeleg skilje mellom pre-facelift og facelift når det gjeld opplevd materialkvalitet, i faceliftens favør. Ein 520d er nok og ein kjempebil, også kombinert med automat, men dersom du har økonomien til det ville i alle høve eg ha prioritert to ekstra sylindrar. Seks sylindrar er i mine auger mykje meir harmonisk i ein slik bil, både med tanke på moment og lydbilete.
-
Forskjell på steptronic og "vanlig" automat til E-39
emne svarte i justemann sin t_pedersen81 i Teknisk
Det er egentlig ikke så mye vits i det. Den eneste fordelen jeg ser, er at jeg kan bruke det for å ha klart det giret jeg vil ha før en forbikjøring. Men sport bruker som regel å gjøre susen. Dette kan ein jo gjera med ein tradisjonell automat også, skilnaden er jo berre korleis ein gjer det. -
Eg har lite å bidra med på den tekniske biten, men etter å ha køyrd x antal kilometer i ein 525d xDrive i drosjebruk i grisgrendte strøk, med ulike og mange utfordringar på vinterføre, kan systemet trygt anbefalast. Eg har ikkje erfaring med Quattro-systemet bak drosjerattet, så det vert vanskeleg å direkte samanlikne dei to systema for min del. Derimot har eg ein god del erfaring med Volvo sitt system, frå ein V70 AWD, og etter mi erfaring fungerar det langt frå så godt som BMW sin xDrive. Løp og kjøp!
-
Er du for eller i mot salting av veier
emne svarte i justemann sin Just-turbodiesel i Annet BMW og motorprat
Det interessante må vel vera om det i dag finns eit fullgodt alternativ til å salte vegane? Enno er det ikkje noko menneskerett å køyra bil, men faktum er jo at det er forferdeleg mange bilistar i Noreg, og dei aller færraste har særskild god kontroll over køyretyet sitt, og det er grunn til å tru at utfordrande køyreunderlag vil skape fleire ulukker og kan hende fleire omkomne i trafikken. Ein må jo ta utangspunkt i at vegane i yttarste konsekvens vert salta for å spare liv, ikkje for å ta rotta på bilane til oss ”petrolheads”. For eigen del ville saltfrie vegar vera å føretrekkja, men eg ynskjer saltet velkomen om tanta til ”Per” og kusina til ”Kari” unngår å omkomme i ei trafikkulukke grunna glatt vegbane. Men me treng absolutt auka fokus på alternativ til saltet, som til dømes denne ”maisblandinga” me har høyrt om i år etter år. -
Det er kjøpslova som gjeld når du handlar bil hjå ein privatperson. http://lovdata.no/cgi-wift/wiftldles?do ... ml&emne=kjøpslov*& Dette er nyttig lesestoff. Og til ditt andre spørsmål så vil eg tru det er fleire faktorar som spelar inn, mellom anna om verkstaden har teke bilen/feilen nærare i augesyn og konstatert kva som er gale, og såleis vera i stand til å meina noko om bilen kan brukast eller ei. Derimot er eg litt usikker på kva for ei lov som trer i kraft i slike tilfelle (Lov om håndverkartenester?), men i alle høve trur eg det vert svært vanskeleg å få ein verkstad til å utbetra ein feil utan vederlag sjølv om dei har uttala "at dette går sikkert bra". Dersom du hadde ein skriftleg garanti derimot stiller saka seg annleis... Men det er vel stort sett berre julenissen og hans hjelparar som vil stille med slike garantiar... Eg ville altså ikkje ha brukt for mykje energi på dette. Men nemt det for verkstaden, det ville eg ha gjort... Kven veit, kanskje du treff på ein sympatisk verksmeister som gjer deg ein god deal? "Synsing" og meiningsutveksling per telefon i forkant av utbetring vert som "mambo jambo" å rekna...
-
Hmm frakta blir jo minst 150,- da hvis ikke mer? 400 inkl frakt så har vi en deal Då har me ein deal! Send meg kontonummer på 90167945, så sender eg 400,-, samt namn og adresse i retur.
-
Har du framleis mattene? I så tilfelle; 300,- inkludert frakt?
-
På nesten samtlege av mine 80-tals BMW'ar har eg hatt det same problemet. Dog har dette vore snakk om E-23 og E-24. Løysinga var å skifte eitt av batteria inne i instrumentpanelet. Eg ser på delefilmen hjå GS at det er to batteri på E-30 òg, i alle høve 325i som eg søkte på, men eg fann ikkje batteria som delenummer diverre. Men uansett ville eg ha tatt ut panelet og målt batteria... Edit: Eg ser no du det står 316i i signaturen, også den bilen ser ut til å ha to batteri i instrumentpanelet.
-
viewtopic.php?f=1&t=149366&hilit=lysmodul
-
E39 facelift baklykter selges superbillig! Helt nye!
emne svarte i justemann sin Anderslien i BMW-deler selges
Er dette LED-lys? Og korleis ser dei ut i forhold til originale HELLA lykter? -
Ja, det har jeg svart på i tråden der jeg selger deler fra bilen. Her er det råkarosseriet som er lagt ut.. Kven skulle tru.....