Gå til innhold

justemann

Medlem
  • Innholdsteller

    238
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av justemann

  1. Korleis er bakluka? Rust?
  2. hahahahahaah du tuller nå Det er sant, og jeg vil jo påstå at jeg heller hadde fått dykket etter nøkkelen enn å tulle og kåle med borring i bagasjerom osv.. Hvor mange dager har ikke dette her nå tatt? Å få redningsselskapet til å dykke er gjort på 30 min... Eg er samd i at dykking verkar som det beste alternativet, men eg vil anbefale å ta kontakt med lokale dykkarklubbar, der er det som oftast ei dykkeglad sjel som gjer dette for småpengar i forhold til redningsselskapet sine 5-6000,-.
  3. Helt klart Det er klart at høgt forbruk er ein konsekvens av tung høgrefot, men likevel vil eg hevda at målingane mine er representative for den aktuelle motoren og såleis gjer trådstartar ein peikepinn på forbruk. Så sant det ikkje er Sebastian Loeb som skal handle seg ny motor...
  4. Det er vel alt etter kor tung bilen og høgrefoten er det.... I min 735iA E32 ville motoren ha alt frå 0.9 på langkøyring til 1.6 på småkøyring, men om du køyrer "galmann" brukar han nok betrakteleg meir sjølvsagt. Mine gjennomsnittsmålingar med blanda køyring låg oftast omkring 1.2.
  5. § 4-1. (erstatningsutmålingen) Erstatning for tingskade og annen formuesskade skal dekke den skadelidtes økonomiske tap. ( http://lovdata.no/all/tl-19690613-026-004.html) For at ruta skal verta utbetra på tilfredstillande vis vert dette eit økonomisk tap for deg gjennom ditt vederlag til det firmaet som skal utbetra skaden. Dersom du viser til §4-1 om ertstatningsutmåling og § 1-2 om føresette sitt ansvar neste gong du kontaktar dei føresette, då bør dei aller fleste skjøna at her er det få alternativ utanom "pay up".
  6. På spørsmålet ditt om du har rett til å utbetra skaden hjå profesjonelle må du henvende deg til gjeldande lovar og reglar, som du til dømes finn på http://www.lovdata.no. Det kan vera greit å lesa gjennom lovar som gjeld for ulike situasjonar ein kjem ut for, slik kan ein danne seg eit eige bilete av kva ein har rett på og ikkje. Dette er som regel betre enn å stole på ulike utsegn/meiningar som vert ytra på nettet eller andre stadar, då det etter mi erfaring er mange som ikkje har særskild god juridisk dekning for sine meiningar (jamfør dei mange som trur ein kan angre eit bilkjøp). I kommunikasjonen med dei aktuelle føresette er det òg ein stor fordel å forankra argumenta dine i ulike paragrafar, såleis framstår du meir truverdig og "slagkraftig". Eg rår deg til å lesa heile lova om skadeerstatning, og spesielt kapittel 1,4 og 5. Edit: Det er viktig å danne sitt eige bilete av dei juridiske "rammene" ein må forhalde seg til, forum som dette kan vera eit godt verktøy i situasjonar som dette. Men det er lurt å ikkje ta alt ein les på nettet for god fisk, altså er kjeldekritikk eit godt stikkord.
  7. http://www.lovdata.no/cgi-wift/wiftldle ... e=skade*&& Dette er ei lov eg ville ha studert nærare om eg var deg. Særleg vert § 1-2. om føresettes ansvar interessant for din del. Der står det rimeleg greit at føresette er ansvarleg for "podens" fantestrekar med inntil 5000 kroner per einskild skadevolding.
  8. Er nok litt rust på den, desverre Ok, då er det ikkje aktuelt diverre. Det skal vel godt gjerast å finne ei utan rust.
  9. Er bakluka fin og fri for rust?
  10. Eg trur ikkje du vil angre på å behalda ein så flott bil som E24. Eg selde min, og har angra kvar dag sidan salget. Før eller seinare skal det handlast inn ein ny, då fortrinnsvis ein som byrjar med "M"... Lukke til med bilen!
  11. Eg for min del gler meg stort til 2014, når endeleg M635CSi kan feira fødselsdag nummer 30! Det blir spanande å sjå om det får effekt på prisnivået her heime. Det er jo òg berre to år til det vert mogleg å importera E24, bygd på E28, som veteranar.
  12. Ah, det er sikkert der eg har rota då....
  13. Ja, men eg minnest å ha lest i ein tråd her at lyktene måtte varmast opp for å dele dei?? Eg finn ikkje tråden igjen så det kan godt hende eg rotar....
  14. Både og, høres ut som en liten dverg som sitter inni der og roper noe sånn som uhuuuuuuuu, i tilegg til litt sånn lyd som prompeputene lager pga at det lekker litt, hehe Før jeg åpnet kat'n hørtes det litt sånn ut som om det var ett par tre klinkekuler inni der når jeg ristet på annlegget. Det kan høyrast ut som om eg har andre dvergar og prompeputer under bilen min enn det du har... Men dersom du ikkje får det tett, kan du ikkje berre erstatte han med eit vanleg røyr??
  15. Igjen trur eg du vil finne svar på dette gjennom eit søk på forumet... Men eg trur du må varme lyktene for å opne dei om eg ikkje tek heilt feil....
  16. Dersom du har Business skal du vel òg ha kablar til cd-vekslar om ikkje eg tek feil? Då er det jo eit godt alternativ med ein DICE-adapter, så kan du kopla til Ipod, det har eg og det funkar finfint!
  17. Teit lyd i eksosen er det fleire som har ja! (les: underteikna) Er det ein teit lyd som kjem av at det ikkje vart tett? Eller er har du ein slags metallisk "hul" lyd? Mitt anlegg lagar ein metallisk og fæl lyd, og eg mistenkjer katalysatoren for å vera syndaren....
  18. Eg trur det finns mange trådar om E39 og radio/cd, så eit søk gjer nok underverk her. Men dersom du tek av volumknappen finn du ein skrue/brytar du kan skru på der, og så dra ut radiodelen. Deretter er det vel to skruar i underkant av kasettspelaren trur eg. Har du business, at du berre vil skifte kasettspelaren?
  19. Dersom det er mange med dårlege erfaringar med uoriginale deler kan det sjå ut som brukt kan vera eit godt alternativ... Nytt originalt kostar jo både min og naboens arm.....
  20. Det eg i utgangspunktet tenkte på var ein heilt standard facelift frontfangar. Ein får vel alltids ting til å passe, men det gjer jo ikkje akkurat noko om det er plug and play. Det er jo good news om du har gode erfaringar med frontfangar til E36....
  21. Hmm..... Det var bad news... Er det andre som har erfaring med støtfangar?
  22. Eg er heilt samd. E24 er etter mitt syn ein av dei vakraste bilane BMW har laga, og ein M635CSi toppar mi "må ha" liste.... Vidare deler eg òg ditt syn på at 100 000,- vert for lite for ein 635CSi i skikkeleg bra stand, og at det diverre er for langt mellom bilar som faktisk er godt haldne. Men om bilen til patrick92 er i god stand eller ei lyt han nok vurdere sjølv, men eg er langt på veg samd med deg når du seier at ein særs godt halden E24 er verd meir enn 100 000,-.
  23. Facelift til pre 99 modellar? Hmmm.... Dette var ikkje noko problem for meg når eg monterte mine, om eg hugsar rett. Det finns sikkert mange trådar på forumet om facelift lykter til E39, eit søk kan kanskje avsløra om andre har slitt med det same?
  24. Du står sjølvsagt fritt til å "taksera" bilen din nett som du sjølv vil. Men det eg ville fram til var at ein 635CSi skal vera i særs god stand før han i mine auger er verd over 200 000,-. Så vidt eg hugsar vart vel E24 bygd med utgangspunkt i E28 allereie i 1982, og såleis kan Patrick sin bil vera av denne generasjonen. Støtfangar og lister bak og framme røper vel òg at dette er tilfelle? Nå er det jo òg slik at når ein bil skal seljast er det salsverdien som er interessant for seljar, og den vert fastsett gjennom kor mykje eventuelle kjøparar vil betale for bilen. Skulle eg ha betalt mellom 150- og 200 000,- for ein 635CSi måtte bilen ha vore i særs god stand, diverre vert det nok færre og færre av desse bilane. Eg trur det kan vera realistisk å få rundt 100 000,- for bilen til patrick92, om han er i god stand. Dersom bilen er i særs god stand vil kanskje ein realistisk pris ligge rundt 150 000,-? PS! Dette er eit døme på ein M635CSi som er to år nyare enn din og med omlag same km.stand.... Men med nokre vesentlege skilnader..... http://www.finn.no/finn/car/used/object ... e=22442151 Her er eit døme på ein 635CSi som er produsert i same årstal som din, men med færre køyrde kilometer.... http://www.finn.no/finn/car/used/object ... e=22306936
  25. Det er nok sikkert ei anna lykt og kablar ja, eg hadde ikkje xenon frå før og har det heller ikkje no.
×
×
  • Opprett ny...