Du står sjølvsagt fritt til å "taksera" bilen din nett som du sjølv vil. Men det eg ville fram til var at ein 635CSi skal vera i særs god stand før han i mine auger er verd over 200 000,-.
Så vidt eg hugsar vart vel E24 bygd med utgangspunkt i E28 allereie i 1982, og såleis kan Patrick sin bil vera av denne generasjonen. Støtfangar og lister bak og framme røper vel òg at dette er tilfelle?
Nå er det jo òg slik at når ein bil skal seljast er det salsverdien som er interessant for seljar, og den vert fastsett gjennom kor mykje eventuelle kjøparar vil betale for bilen. Skulle eg ha betalt mellom 150- og 200 000,- for ein 635CSi måtte bilen ha vore i særs god stand, diverre vert det nok færre og færre av desse bilane.
Eg trur det kan vera realistisk å få rundt 100 000,- for bilen til patrick92, om han er i god stand. Dersom bilen er i særs
god stand vil kanskje ein realistisk pris ligge rundt 150 000,-?
PS! Dette er eit døme på ein M635CSi som er to år nyare enn din og med omlag same km.stand.... Men med nokre vesentlege skilnader.....
http://www.finn.no/finn/car/used/object ... e=22442151
Her er eit døme på ein 635CSi som er produsert i same årstal som din, men med færre køyrde kilometer....
http://www.finn.no/finn/car/used/object ... e=22306936