-
Innholdsteller
72 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Artikler
Forum
Galleri
Blogger
Kalender
Alt skrevet av melmac
-
Hei, DanielMK, hadde samme problem som du på E60'en (525d).. Forrige vintersesong og starten på denne sesongen vart bilen meir og meir tungstarta/gjekk ujamnt, og mot slutten på kuldeperioda i desember vart den "vanskelig" heilt ned i 8-12 grader. For etpar veker sidan ville den ikkje starte på første forsøk, så då fekk eg time på verkstad for diagnose og evt. bytte av glødepluggar. Fekk bytta alle + rele, og no kaldstartar den så lett som aldri før og går jamnt og fint med ein gong Har vel og merke kun prøvd kaldstart ned i 5 minusgrader etterpå, men tenker problemet er borte no..
-
Hadde knirkelyd/skrikelyd i forstillinga på min E60 i vinter, på begge sider. Laga lyd på ujamn veg og ved sving (eks. parkering). Mistenkte at lyden kom frå fjørbeinslagring, bærekuler eller styrekuler. Stakk innom verkstedet og fekk med meg ein kar der ut for å kikke på bilen. Han trudde det kunne vere bærekuler, og ga meg tips om å bruke ei sprøyte med olje for å smøre opp ei kule om gangen for å lokalisere feilen dersom eg ville prøve sjølv. Satte imidlertid bilen inn på verkstedet, og dei lokaliserte dette til bærearmane. Etter bytte av bærearmar (og muligens smøring av andre komponentar underveis), var lyden borte. Så det kan vere så mangt som lagar knirkelyd i forstillinga Det negative var at bærearmane er laga i aluminium og kostar nærare 3000 kr stk + arbeidet.. Anbefalar å få med nokon som har litt erfaring til å kjenne etter/høyre etter når du svingar, så du slepp å bytte ut alle delane før du er i mål..
-
Tenkte eg skulle slenge ut spørsmål på forumet her før eg bit i det sure eplet og bestiller time på verkstad.. Den første veka med -20 i januar fekk bilen ein på grensa til metallisk knirkelyd i forstillinga. Når den har stått i ro må du køyre 1-2 km før knirkinga startar, og då knirkar den ved: * sving (spesielt masse om du står i ro og riglar litt på rattet i ytterposisjon * humpete veg (med eller uten sving) * når bilen er parkert og du gyngar fronten (har såvidt klart å framprovosere dette) Markant mindre lyd når temperaturen går opp (nesten borte når temperaturen var rundt 0). Har parkert i oppvarma parkeringshus over natta eit par gongar for å varme opp bilen og då tar det litt lenger tid, men lyden kjem likevel.. Forslag til kva som kan forårsake knirk på _begge_ sider etter kuldeperiode? Tenker: 1. uttørka styrekuler? (bytta 2008) 2. foring til stabstag - har prøvd å spraye med silikonspray + salo etter anbefaling men den trekker nok ikkje inn så er vel framleis mulig årsak 3. bærekuler (bærearm/"casterstag") 4. lenkearmstag (skulle jo ikkje kunne gi knirkelyd, men det beveger jo på seg ved sving og nedfjøring..) 5. støtdempar 6. hjelpesnekke på styringa (men skulle vel ikkje knirke når du gyngar bilen)? 7. fjørbeinslager? 8. uttørka koparfett som får bremsekloss/caliper til å lage denne infernalske lyden ved sving/fjøring - er det mulig?? ps! er en 2005 modell gått ca 80000km, det ekskluderer vel en del alternativ Brukar bilen ekstremt lite (går stort sett til/frå jobb), så vonar ingen dømmer veldig for at dette har fått pågå nesten en mnd..
-
Har en kollega med en 2006 modell uten oppdatert software - funkar fint med dual layer hos han. ps! han har navi professional, usikker på korleis dette ligg an med business navi..
-
Oj, håpar at du kjem bort frå den menyen eller kva det er som skjer ved å la vere å trykke på noken knapp og vente litt - eller har du kome inn i ein meny som du ikkje kjem ut av igjen? Som det står i veiledninga - står du fast så vent ei stund utan å trykke noko - bli kjend med korleis dette fungerer før du nullstiller noko. Det er kjedeleg å rote til serviceoversikta.. Kan muligens få tatt nokre bilete i morgon av korleis det skal sjå ut dersom det kan hjelpe, evt. vil eg anbefale å stikke innom ein verkstad, så fiksar dei nullstillinga for deg (du får nok ikkje stempelet i boka på at servicen er utført, då )
-
Har opplevd det samme (525d); etter å ha bytta bremseklossane bake utan å ha nullstilt serviceindikatoren. Etter ca. 2000 km synest eg at eg mista motoreffekt, og giringa vart annleis. Fann oppskrifta for å nullstille serviceindikatoren, og effekta var tilbake. På verkstaden sa dei tøys og tull neste gong eg var innom, men vart aldri klok på kvifor det skjedde. Hadde ingen andre problem i den perioden. Nullstille serviceindikator: http://www.bimmers.no/viewtopic.php?t=5 ... +gearkasse (Bilda er borte, men oppskrifta er relativt bra) FORSIKTIG med denne - klarte sjølv å nullstille feil serviceindikator første gongen, men det var heldigvis to dagar før eg skulle til service/oppgradering med den likevel Nullstille hukommelse i adaptiv gearkasse: http://forums.e60.net/index.php?showtopic=40018&st=0
-
En kompis fekk 1 ny nøkkel, programmering av den nøkkelen + endre koder så ingen evt. skulle kunne bruke den gamle nøkkelen til sin E46. For dette betalte han ca. samme pris som du oppgir (trur det var litt over 2000), han fekk fortalt at det var "selvkost" på den jobben, så det er mulig at det rett og slett er såpass dyrt.. Men er jo greit at det er litt komplisert å fikse nøklar også
-
Vell, etter batteribytte og utlesing/nullstilling av feilkoder slutta interiørlysa å blinke, og problemet har vore borte i 2 veker no. Låg inne 6-7 feilkoder som hadde blitt trigga; slik som eg forstår det går enkelte komponentar over i ein slags reservemodus og oppfører seg derfor annleis. Men kvifor lysa i bilen skulle starte med å blinke som om ein spenningsregulator el.l. var gåen pga. dette er jo eit mysterium for meg...
-
Har fått fortalt både via forhandlar og på diverse forum at bilen har programvare for å registrere tilstanden til batteriet, samt at type batteri må kodast inn for å gi optimal lading. Ved bytte av batteri må ein registrere dette slik at det nye batteriet får korrekt lading.. Synest at det er på trynet, dvs. i teorien er det jo kjempebra, men det blir jo tungvint da...
-
Det stemmer nok at feilkoder blir sletta ved omkoding, mulig eg kan spørre fint om dei gidd å lese ut evt. feilkoder først Spenninga ser ut til å halde seg innanfor, men den varierer altså veldig (sist når eg målte var den nede i 13,4 V så opp i 14,5 V. Måler med multimeter, reknar med at eit oscilloskop ville ha vist peak-spenningar som hadde medført at eg ikkje fekk sove om natta. Har altså ikkje brukt starthjelp av bil, men ein slik som dei hadde på BMW verkstaden. Ellers har eg brukt det nye batteriet kobla i parallel med det gamle med kraftige startkablar til starthjelp, evt. lada batteriet med CTEK ladaren over natta til neste dag (har altså skjedd totalt 4 gongar). Huff, håpar på at dei er samarbeidsvillige på verkstaden.. Har i alle fall ikkje skrua noko sjølv her, og første gongen det skjedde at batteriet gjekk tomt var over natta på ein anna BMW verkstad i samme kjeda. Kryssar fingrane, i alle all
-
Har ikkje bytta batteri enda, då batteriet virkar å fungere heilt fint, problemet har oppstått veldig tilfeldig, uavhengig av ladestatus. Og så dette siste med at spenninga ser ut til å variere veldig indikerer vel problem med dynamo (evt. kun spenningsregulatoren)? Men for å følge korrekt prosedyre har eg fått verkstadtime for å bytte batteri i morgon (må kode om ved bytte av batteri på E60, det fordyrar jo litt - kostar sikkert en 1000 lapp i arbeid++...) Får sjå kva som blir resultatet av dette, skal sende inn oppdatering her + får forhøyre meg med verkstaden.. Blinkar lysa like veldig etterpå tør eg ikkje køyre bilen - kanskje demontere dynamoen og sende den til overhaling? Triconor kan dynamoar, skjønte eg - eller er det berre å bytte spenningsregulatoren først og sjå om det hjelp?
-
Den girer fint ellers? Har lest om ein del problem med converteren på desse bilane, ein av dei var en 2004 eller 2005 520i - har lurt på om det også er problem med dieselen (har 2005 525d), men aldri funne ut... Kva type summelyd forresten? Kan kun tenke meg at det kunne vere bensinpumpe el.l. som går etter stopp? Evt. klima? Skjer det også når klimaanlegget er av?
-
Har hatt problem med at bilen går batteritom 4 gongar ila. siste 1,5 mnd. (fullstendig tomt, ikkje ein gong sentrallåsen fungerer). Første gongen skjedde når bilen stod over natta på BMW verkstaden. Den gongen blinka interiørlysa veldig (spenningstoppar) første 20 sekund etter at vi kobla på starthjelp, men det slutta, så vi kom til at det kunne ha vore pga. at batteriet var tomt. Har lagt merke til litt forsiktig ujamn blinking et par gongar også i etterkant, uavhengig av når batteriet har gått tomt. No i kveld tok imidlertid denne ujevne strømtilførselen seg opp og lysa blinkar litt meir (angeleyes’a blinkar også). Måler ladespenninga til 14,2 V på tomgang, og innimellom varierer den mellom 14,0 og 14,3 V. Skulle nok hatt et oscilloskop, men slikt har en ikkje liggande.. Tilleggsopplysningar: 2 av dei fire gongane bilen har gått strømtom måtte eg gasse opp i ca. 1500-2000 o/min før turtellaren starta opp (stod på 0). Ingen problem med turtellaren eller andre instrument ellers. Ladelampa lyser ikkje, ingen andre varsellampar heller som oppfører seg unormalt. Batteriet har stått på vedlikehaldslading nesten heile tida i det siste for å unngå å gå strømtom. Spenninga på batteriet er no 12,56 V etter ein liten køyretur (2 mil), så får sjå korleis dette ser ut i morgon. Nokon som har tips? Bytte heile dynamoen eller kun spenningsregulator? Dynamo inkl. spenningsregulator=kr 6000, Spenningsregulator=kr 1200 No trur eg bilen skal få stå, har ikkje lyst til å grille all elektronikken… :-/
-
Oki, har funne svar på eit utanlandsk forum - dieselpumpa fyrer når du opnar døra for å bygge opp trykk i systemet, så då var nok dette årsaken til at denne stod og surra og gjekk i går. Har forøvrig funne masse tips ang. batteritomme E60'ar, men ser ut til å kreve ein del feilsøking dette (plukke ut sikringar m.m.) Takk for hjelpa, PF0075
-
Takk for oppfølginga Har for ei tid tilbake anskaffa en fancy CTEK ladar som i følge bruksanvisninga skulle ha gitt beskjed viss batteriet har problem (deler ladeprosessen inn i faser, og skal i den eine fasen varsle viss batteriet ikkje kjem over ei viss spenning i løpet av ei viss tidsperiode). Den har ikkje sjukmeldt batteriet hittil, men er vel dumt å utelukke batteritrøbbel likevel.. Har kun et standard multimeter, og veit ikkje om eg tør koble dette i serie med straumkretsen for å måle forbruket, så får heller stikke innom BMW verkstaden ein tur for å få gjort dette. Mistanken min er at dette er ein feil (f.eks. jordproblem eller kortslutning) som kjem og går, og då skal det vel litt til for at den skal oppstå der og då når dei måler. Hadde vore interessant å ha en logg over forbruket, men det er vel ikkje så lett å få til. Får bestille ein time hos forhandlaren for å bytte dette batteriet og muligens få audiens for å drodle litt over kva som er rett framgangsmåte vidare. Sikkert like vanskeleg for dei å finne ut av feil som kjem og går som det er for oss andre.. Trudde nivåregulering kun var ei stasjonsvogn-greie (?) Men skal ikkje vere skråsikker Har i alle fall normale fjører/demparar bake..
-
Forresten noken som har erfaring med at batteri kan oppføre seg slik når dei blir defekt? Gå tom på vilkårlige tidspunkt, uavhengig av om du køyrde 60 mil kvelden før eller om du har drive med småkøyring? Ingen antydningar til problem med batteriet unntatt desse 4 gongane, og då har det vore så tomt at ikkje sentrallåsen fungerer eller kupelyset slår seg på (men rart med den pumpa i dag). Har jo nytt batteri så kanskje betale dei kronene det kostar å få montert + programmert om til det nye batteriet før en tar neste skritt...
-
Har kun standard fjører på min, så skal ikkje vere så mange kompressorar der.. Heldt handa på tanken og kjende at den vibrerte når lyden var der, men skal ikkje vere påstålig for vibrasjonar forplantar seg sikkert i karosseriet.. Synd å høyre at fleire har problem. Har forsåvidt ordna meg med et batteri nr. 2 som eg ladar opp og startkablar i tilfelle det går tomt ute i periferien, men det er jo kjempekjedelig å ha slike problem, er redd for å brenne opp dyre komponentar når det står å tappar.. Det starta i grunnen med ein ulyd i dynamoen, mens eg høyrde på den oppdaga eg at bilen vibrerte/rista rundt 1000 rpm, og då den stod over natta hos BMW forhandlaren etter feilsøking gjekk den tom for batteri første gongen. Ved start den gongen blinka lysa veldig før dei roa seg, så er veldig frista til å bestille ny dynamo for å sjekke om det løyser noko. Men med den metodikken blir lommeboka fort tom...
-
Har hatt problem med at bilen går batteritom til saman 4 gongar no i løpet av 1,5 mnd. No skjedde det igjen, og la denne gongen merke til ein "snekkelyd" som eg lokaliserte til tanken (og går dermed ut frå at det er pumpa som står i tanken som laga lyden). Denne lyden var sikkert slik fordi batteriet var heilt tomt og pumpa ikkje gjekk fortare rundt. Pumpa slutta å lage lyd når eg fekk kobla på et friskt batteri i parallel (fekk vel opp korrekt trykk så den stoppa). Så er spørsmålet: Kva triggar at denne startar opp? Er det ved tenning på, eller startar den når du låser opp bilen/opnar dører? Hadde først prøvd å låse opp bilen med fjernkontrollen, deretter manuelt med nøkkelen + opna døra, men hadde ikkje satt nøkkelen i tenninga. Dersom denne først skulle starte når en skrur på tenninga er det jo kanskje noko med styringa av denne pumpa som trøblar (jording/rele/kvasomhelst?) og som medfører at den står og går heile tida. Det skjer altså kun av og til at batteriet går tomt. Har vore inne til feilsøking 1 gong, men det låg ikkje inne feilkoder.
-
Originalfelgar frå E60 vil ikkje passe på E39, nei - replikafelgar/div merker som har stått på E60 vil muligens passe dersom dei har sentreringsring montert og du fjernar den ringen.. Så slenger meg på todleif sin påstand her (imponerande av todleif å gå rundt å huske faktisk diameter på utstikket på navet, har alltid lurt på om e60 og e34 har samme diameter for litt rart det opplegget med E39 )
-
ps! Sjekk på påfyllingslokket om det er ATF eller pentosin chf11s du skal ha. Står vel ATF olje på påfyllingslokket og så er det på enkelte klistra over en lapp der det står chf11s (som har en tendens til å ramle av).. Usikker på konsekvensen av å fylle AFT olje der det skal vere chf11s og motsatt.. Volum: innbiller meg at det er omtrent 1,5 - 2 liter som trengs, men viss du skal kjøre gjennom litt olje for å få bort mest mulig av den gamle er det vel greit å ha litt ekstra (dvs bruke metoden men ha noken til å etterfylle mens du svingar fram og tilbake, ps! det er trykk på oljen som kjem ut av returslangen og tanken blir fort tom!)
-
Sikkert mulig å finne ut av det sjølv også, men ikkje alltid like enkelt å finne ut kvar kablane endar opp gjennom tunnellar og kanalar.. Det er dessverre alt for masse elektronisk magi i desse nye bilane, men med det rette utstyret finn dei nok ut av det Lykke til!
-
Det kan kanskje vere ein jordkabel som trøblar? Det skjedde på min e60, og då slutta både skiltlys og lås å fungere. Fann dessverre ikkje ut av det sjølv, men leverte den til autozentrum gardermoen som kjapt fann ut av det..
-
Dette temaet har vore ganske bra kartlagt i ymse diskusjonar her inne. Bl.a. kan du sjå på denne tråden, der den o'store bidragsytar Saltkjelen har gjort ein kjempejobb med å samle informasjon om ulike forskjellar på E60 før og etter facelift m.m. http://www.bimmers.no/viewtopic.php?t=66848 Lykke til med kjøp av gobil
-
Då er det berre å jekke opp bilen og ta vekk katten som heng fast i mellomakslingen
-
vel, har hatt ymse kakkelydar på ymse bilar men det har stort sett vore gåen foringar på ei av dei bakre bærearmane. Rette sorten der medfører også at bilen drar litt sidelengs slik at rattet ikkje står sentrert når du køyrer rett fram.. Det hjelp sikkert å sei to ord om frekvensen, dvs. om kakkelydane kjem ved nedfjøring/ujevnt underlag eller om det er ved gasspådrag/nedbremsing osv. Han har sikkert fått montert ESAB-sperre ;->