Lite med framgang her gitt.. Tok det roleg i jula, så vart slappt med bilrestaurering. Men med nytt år og ny giv, skal det skje litt frammover. Fargen er no så og sei bestemt til Lambo Orange, trur dette kan bli bra
Har snakka litt med han som eig den orange som er avbilda lenger bak i tråden her. Dette er visst ein tre sjikts lakk som han meinte var veldig dyr og avansert, så eg tok ein telefon til min lakk-grosisst. Han fortalte meg det motsatte, og kunne fortelle det at fargen kjem fram på den måten at bilen vert lakkert kvit (rein base), deretter orange og klarlakk. Det vil med andre ord sei at eg må ha nokre liter med rein kvit ekstra. Minuset med ein slik farge er at den er vanskeleg å få til å stemme overens om ein skulle vere uheldig å måtte ta igjenn ein bulka skjerm.
No frammover vert det fullt køyr på lakkering av understell for å få den på hjul, skal verte flinkare i fotografering frammover
Godt år folkens!