Skaffa meg eit Ess kompressor kitt til bilen min her ein dag
Pakka ut kittet og såg at alt var der utenom chip. Snakka med Ess, og chippen skulle eg få i ettersendt, pga Ess hadde ikkje laga den endå. Synes det var litt dårlig at Ess-folka ikkje sa noke om at chippen blei laga etter eg hadde fått kittet Men eg får då god tid på meg å kontrollera/justera på monteringa mi
Før Montering.
Montering!
Fant fram Instuksjonsboka, og begynte å skru
Litt dritt at det ikkje var ei bok. Men men, eg flaug å henta dataen min.
Starta med å skifta den gamle veivhusventilasjonen med Ess sin. Skifta deretter alle 8 bensin-dysene.
Hadde i forkant demontert omtrent alt av deler rundt innsug, vifte, osv.
Fant fort ut at fronten på bilen måtte hevast, slik at eg kunne gå under den. Og min jekken er ikkje laga for småsenka bil, og eg jekker aldri på kanal. Så eg måtte finna på noke lurt med å få frammhjula opp på 2" trepinnar. Rett bak meg står det ein Polargris med vinsj. Denne funka veldig bra med å dra bilen opp på treklossane
Monteringa av kompressor braketten viste seg å vera balen! Måtte skru av AC-kompressor og motorfeste H.S.F.
Fjerning av Ac m/full gass var reine helvette, då eg ikkje vakuumerte ut den gassen som var i Ac. Opna koblingen litt sånn at gassen kom seint ut. Dette varte i evigheter, og det kom masse grønn Ac gass/veske ut, og grisa til golvet under bilen Kanskje ikkje den beste måten å tømma Ac-anlegget på? Følte meg ikkje så veldig smart når eg stod der å griste som ein Ape. Men det var den einaste måten eg kunne tømma Ac-anlegget der og då.
Når den gamle motorfeste braketten var vekkskrudd, så monterte eg den nye fra Ess.
Monterte reimsivehjul på veiva. og prøvemonterte kompressoren. Fant fort ut at kompressoren ikkje passa i hjulbuen. Masserte hjulbuen med hammer og fekk det til å bli klaring mellom kompressor og hjulbue.
Etter litt prøvemontering av innsugsslanger, så ser eg at den forklaringa som står i instruksjonen ikkje passer! I følge instruksjonen så skal innsugsslangene monterast rundt kompressor/hjulbue. Men då fekk eg ikkje panseret igjen, pga panser hengsler tok borti innsugsslanger, og slanger tok oppi panser.
Fant då ut at eg måtte slipa litt på braketten til kompressoren slik at eg kunne få innsugsslanger under braketten/på sida av motor.
Forlenga og monterte ein motstand på ledningane til Lmm. (Motstanden blei lodda på den Grå/gule ledningen)
Peilte olja på kompressoren, og starta opp motoren. Motor starta etter ca 3sek med kinning (tom bensin rail). Tomgang gjekk som før med rolige 600rpm, utenom ein pervers uling fra kompressor
Etter litt sjekking på klaringer, div, så ser eg at reima på kompressorhjulet har hoppa ei tann ut. Etter masse studering/banning og feiling, så fant eg ut at 1mm spacing mellom øverste og nederste kompressor brakett. Og ei 1mm skive på kompressor strammeren, slik at den vinkla litt anerledes, ville virka uten at reima flytta seg. Det med strammehjulet stod i instruksjonen.
Grunnen til spacinga mellom braketten er fordi at den påsveiste delen på motorfestet er slurving når den blei laga
Når eg starta motoren no, så gjekk reima midt på strammeren og ligg der den skal ligga på reimhjula
Kjørte motoren varm og ruste motoren litt. Plutselig så kjem da noken stygge smelle/knekke lydar, og den Nye radiator vifta hadde mista 3 blad Vifta hadde tatt borti viftedekselet og hengt seg fast/knust blad. Har fått fiksa grunnen til at vifta tok borti dekselet, og har bestilt nytt.
Har også balt med plassering av den orginale Spylevesketank, ser ut som at spylerveske ikkje skal bli brukt når kompressor blir montert? Har uansett funne ein plassering etter noken timar med luring.
Så slik er ståa dags dato. - Venting på Chip og radiator/m vifteblad.
Håper på positive tilbakemeldinger!